If You Knew Suzi... er det femte studioalbumet til Suzi Quatro, gjeve ut seint i 1978, men med 1979 som dato for opphavsretten. Det var det albumet til Quatro som nådde høgast på den amerikanske Billboard 200) då det nådde 38. plassen. Albumet gav òg Quatro den største amerikanske hitten hennar, ein duett med Chris Norman kalla «Stumblin' In», som nådde fjerdeplassen på både Billboard Hot 100 og Billboard Adult Contemporary-lista.
Albumet vart spelt inn i både Köln (Tyskland), Paris (Frankrike) og Glendale (California). Det vart så miksa i California og mastra i London før det vart distribuert av eit selskap basert i New York City.
Innhald
Merknad Den amerikanske og kanadiske utgåva av albumet er utan songen «Evie» og inkluderte «Stumblin' In» i staden for. Då If You Knew Suzi... kom ut på ny var både «Evie» og «Stumblin' In» med på albumet.
Medverkande Mike Deacon klaverinstrument, piano, synthesizer, korvokal Dave Neal trommer, perkusjon, korvokal Suzi Quatro solovokal, korvokal, bassgitar, conga Len Tuckey rytmegitar, sologitar, korvokal
Teknisk Mike Chapman produsent
Salslister Liste (1978)PlasseringAustralia (Kent Music Report)36
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «If You Knew Suzi...» frå , den 16. april 2022. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Suzi Quatro-album Kategori:Rak Records-album Kategori:Musikkalbum frå 1978 Kategori:Album produserte av Mike Chapman