Pidgeon er det første og einaste albumet til den amerikanske psykedeliske rockegruppa Pidgeon, der songaren Jobriath var frontmann og songar. Albumet kom ut i 1969 på Decca Records.

Jobriath kalla seg her Jobriath Salisbury, og vart fem år seinare kjend som ein mislukka glamrockartist. I Pidgeon var han derimot berre ein ordinær om noko veik pop-psykedelisk singer-songwriter, som òg spelte klaverinstrument og gitar. På mange av spora vert det nytta ein spinkel cembalo og harmonisong mellom Jobriath og Cheri Gage, som òg spelte autoharpe på plata.

Richie Unterberger skreiv for Allmusic om plata og meinte ho fall på den noko tyngre og meir psykedeliske sida av solskinnspop, og «det er ei plate med utilfredsstillande travle, rastlause songar, skrivne av Jobriath med tekstforfattaren Richard T. Marshall.»

Innhald

Medverkande Jobriath Salisbury - solovokal, gitar, klaverinstrument Cheri Gage - solovokal, autoharpe Bill Strong Smith - trommer, perkusjon, vokal

Teknisk Stan Farber - produsent Bill Cooper, Richard Podolor - lydteknikar Gene Brownell - fotografi (omslag) Bill Gordon, John Le Prevost - fotografi (gruppe)

Kjelder

Kategori:Jobriath-album Kategori:Debutalbum frå 1969 Kategori:Decca Records-album Kategori:USA-amerikanske psykedeliske rockealbum