Danny Weis () er ein USA-amerikansk gitarist, mest kjend som opphavleg medlem i både Iron Butterfly og Rhinoceros, og som medlåtskrivar på den einaste hitten til Rhinoceros, «Apricot Brandy». Sjølv om han slutta i Iron Butterfly etter berre eitt album på grunn av krangling i bandet,2001. juni 2001 Interview with Danny Weis, Official Rhinoceros web site. var arbeidet hans i bandet ei inspirasjonskjelde for dei gjennom det meste av historia deira, sidan erstattaren hans Erik Brann prøvde å etterlikne spelestilen hans. Weis sa seinare «Erik Braunn erstatta meg i Iron Butterfly, og om eg hugsa det rett så kjøpte han mykje av utstyret mitt, somme av kleda mine, dei prøvde praktisk talt å klone meg...»

Etter Rhinoceros vart oppløyst i 1970 var Weis ei kort stund medlem i The Rascals. Han skipa så bandet Blackstone i lag med fleire medlemmar frå Rhinoceros, som vart oppløyst etter å ha gjeve ut eitt album.Blackstone biography, AllMusicGuide.

I 1974 spelte Weis sologitar på Lou Reed-albumet Sally Can't Dance og den påfølgjande verdsturneen.

I 1979 var Weis bandleiar og gitarist i «The Rose Band» i filmen The Rose med Bette Midler.Full Cast and Crew for The Rose, IMDb. Henta 24. juli 2011.

I desember 2006 kom det første soloalbumet hans ut, eit instrumentalt smooth jazz-album kalla Sweet Spot, som kom ut på Marshmellow Records.Sweet Spot info, Premiere Jazz.Sweet Spot review, AllMusicGuide.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Danny Weis» frå , den 1. april 2022. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad

Kategori:Folk frå Huntington Park i California Kategori:USA-amerikanske rockegitaristar Kategori:USA-amerikanske gitaristar Kategori:Iron Butterfly-medlemmar Kategori:Rhinoceros-medlemmar