«Andy's Chest» er ein song skriven av Lou Reed, inspirert mordforsøket på Andy Warhol i 1968. I juni dette året skaut den radikale feminist-forfattaren Valerie Solanas Warhol og Mario Amaya, ein kunstkritikar og kurator, i studioet til Warhol.
Bandet The Velvet Underground som Reed var medlem av, spelte opphavleg inn songen i 1969, men den endelege versjonen kom ut i 1972 på Lou Reed-albumet Transformer, produsert av David Bowie og Mick Ronson.
Den originale innspelinga frå 1969 kom sidan ut på albumet VU i 1985, som ein livleg popsong. Arrangementet på Transformer er meir langsamt med ein karaktertisk bass av Herbie Flowers og markant korvokal av David Bowie.
Medverkande Lou Reed: solovokal, rytmegitar David Bowie: korvokal Mick Ronson: sologitar Herbie Flowers: bass John Halsey: trommer
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Andy's Chest» frå , den 29. mars 2022. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Songar frå 1969 Kategori:Songar skrivne av Lou Reed Kategori:Lou Reed-songar Kategori:Songar produserte av David Bowie Kategori:Andy Warhol