«Pale Blue Eyes» er ein song skriven og sungen av Lou Reed og framført av The Velvet Underground. Han kom ut på albumet deira The Velvet Underground i 1969.
Trass i namnet, vart «Pale Blue Eyes» skriven om nokon med brune auge, som Reed skreiv i boka si Between Thought and Expression. Songen skal ha vore inspirert av Shelley Albin, den første kjærasten til Reed, som på den tida var gift med ein annan mann.
Lou Reed ønskte først å spele «Pale Blue Eyes» for den første samlinga til Velvet Underground i Fondation Cartier i 1990. Då nokon minna han om at han hadde skrive songen etter at John Cale slutta i bandet, sa Reed, «Då må det bli 'Heroin'».
Medverkande Lou Reed – Solovokal, elektrisk gitar Doug Yule – bass, Hammondorgel, korvokal Sterling Morrison – elektrisk gitar, korvokal Maureen Tucker – tamburin
Andre versjonar «Pale Blue Eyes» har blitt spelt av mange andre artistar i tillegg til Lou Reed og Maureen Tucker frå Velvet Underground:
Patti Smith framførte songen på scenen frå 1960-åra og gjennom 1970-åra. Edwyn Collins spelte inn songen med Paul Quinn og gav han ut på singel i 1984. R.E.M. spelte inn songen som ei B-side til singelen «So. Central Rain», gjeve ut i 1984 og sidan i 1987 på albumet deira Dead Letter Office. Marisa Monte spelte inn songen i 1994 på albumet hennar Verde, Anil, Amarelo, Cor de Rosa e Carvão (a.k.a. Rose and Charcoal). Hole spelte inn songen på scenen på Whisky a Go Go i februar 1992 og frontkvinna Courtney Love introduserte han som «den originale new wave-songen». Hole si utgåve kom sidan ut på den første EP-en deira, Ask for It (1995). Alejandro Escovedo spelte eit konsertopptak av songen i ein duett med Kelly Hogan i 1999 på albumet Bourbonitis Blues. Counting Crows spelte songen fleire gonger i 2003 og seinare. The Kills spelte inn songen i 2010 og gav han ut som B-side tidleg i 2012.The Kills - «Pale Blue Eyes» on Indie Shuffle's music blog
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Pale Blue Eyes» frå , den 25. mars 2022. oppgav desse kjeldene:
Kategori:The Velvet Underground-songar Kategori:Songar frå 1969 Kategori:Rockeballadar Kategori:Songar skrivne av Lou Reed Kategori:MGM Records-singlar Kategori:Edwyn Collins-songar Kategori:R.E.M.-songar Kategori:Hole-songar Kategori:Patti Smith-songar