Norske sportsfiskerekordar er lister over dei største fiskane som er tekne med sportsfiskeutstyr i Noreg. Det var bladet Alle Menn som i 1973 kom med den første rekordlista, som då innheldt 19 artar. Det var lita oppsluttning første åra. Oppsluttinga vart betre då bladet Villmarksliv overtok lista i 1976. Frå då vart den lista rekna som dei offisiellle norske sportsfiskerekordane. I førstninga var lista delt i to, ei for saltvassfisk og ei for ferskvassfisk.
Frå 1979 har det og vorte rekordar for fisk fanga på fluge.
Rekordlistene Slik er det no fire rekordlister:
Rekordane for saltvassfiskar
Flugerekordane for saltvassfiskar
Rekordane for ferskvassfiskar
Flugerekordane for ferskvassfiskar
For nokre av dei største artane vert det ført to rekordlister. Av praktiske grunnar kan det vere uråd å få til skikkeleg veging. Då er det ei liste med vekt, og ei med lengdemål. Dette gjeld artar som håkjerring, makrellstørje, håbrann, kveite og ulike skater. For kvar rekordnotering finn vi: Fiskeslag, vekt kg, fiska av, fangststad og dato.
Godkjenning Fiskarar som vil ha godkjende rekordfiskar må forhalde seg til eit heller detaljert sett av fangstreglar.
Det er ein omfattande prosess å få ein rekordfisk godkjend Det skal innmeldast med eit detaljert skjema om fiskaren, fiskestaden, reiskapen , og fisken. Det krevst vitne som bekreftar fangsten, og det skal foreligge fotodokumentasjon.
Nokre rekordar Håkjerring 880,0 kg Boknafjorden, 2010 Kveite 233,5 kg Laksefjorden, 2013 Torsk 41,72 kg Sørøya, 2012 Makrell 3,474 kg, Stølefjorden, 1997 Lita havnål 1,14 g, Oslofjorden, 2019 Gjedde 19,540 kg, Grøtlitjernet, 2017 Laks 32,5 kg, Tana, 1951 Referansar
Kategori:Fiskeri i Noreg