mini|Eit glas solsikkeolje og ei solsikke. Solsikkeolje er ei olje ein får gjennom å pressa frøa av solsikke. Olja har nøytral lukt og smak. Ho er ei av dei vanlegaste formene av matolje, men ho blir òg nytta i kosmetikk, som smørjeolje og som brensel.

Solsikkeolje inneheld vesentleg linolinsyre i triglyserid form. British Pharmacopoeia lister opp følgjande profil:

Palmitinsyre : 4–9 % Stearinsyre : 1–7 % Oleinsyre : 14–40 % Linolinsyre : 48–74 %

Produksjon

Solsikkeoljeproduksjon i 2018Land(millionar tonn) 5,1 4,6 1,3 1,0 0,7 Totalt 18,4Kjelde: FAOSTAT ved SN mini|Ulike typar solsikkeolje til sals i ein butikk i Kyiv i Ukraina i august 2021. I 2018 blei det produsert 18 millionar tonn solsikkeolje i verda. Dei største produsentlanda var Ukraina og Russland, som til saman stod for 53 % av den totale produksjonen.

Bruk I matlaging Raffinert solsikkeolje kan brukast til matlaging ved låg og særs høg temperatur. Uraffinert olje blir brukt som salatdressing i austeuropeisk mattradisjon. Olja kan òg brukast til å laga solsikkesmør.

Ved frityrsteiking av til dømes chips eller pommes frites, kan ein nytta solsikkeolje.

Hagebruk I EU og Storbritannia har ein spraya solsikkeolje på tomatavlingar for å verna mot mjøldogg frå Oidium neolycopersici. Til denne bruken kan ho brukast både på økologiske og konvensjonelle gardsbruk.

Galleri

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Solsikkeolje» frå , og «Sunflower oil» frå den 17. mars 2022.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Planteoljer Olje Kategori:Matoljer