Knut Hjeltnes () var ein norsk diskoskastar og kulestøytar. På slutten av 1970-åra og byrjinga av 1980-åra var han ein av dei beste norske mannlege friidrettsutøvarane. Han vann dei fleste noregsmeisterskapane i kule og diskos i den perioden. Sjølv om han høyrde til verdseliten i diskos i fleire år tok han aldri medalje i internasjonale meisterskap. Hjeltnes er ein av til saman berre sju nordmenn som har delteke i ein verdscupfinale i friidrett. I 1979 deltok han i diskoskast og vart nummer 4. I 1977 testa han positivt for doping og var utestengt frå idretten i eit år.
Han sette norsk rekord i diskos med 69,62 i 1985 og den rekorden står enno i 2014. Hjeltnes representerte IL Gular, tidlegare hadde han vore medlem i IL Øystese og BUL-Oslo.
Dopingsak Sommaren 1977 vart Knut Hjeltnes som første nordmann teken for dopingbruk, og han vart utestengd frå all idrett i eitt år. Hjeltnes vedgjekk at han hadde brukt anabole steroid. Ein norsk rekord i kule og to i diskos, som han hadde sett i perioden mellom prøven vart teken og kunngjeringa av prøveresultatet, vart strokne.
Merittar NM 1975 – Gull i diskos og kule NM 1976 – Gull i diskos og kule, bronse i spyd OL 1976 – 7. plass i diskos NM 1978 – Gull i kule EM 1978 – 5. plass i diskos Verdscupfinalen 1979 – 4. plass i diskos NM 1979 – Gull i diskos og kule, kongepokal NM 1980 – Gull i diskos og kule, kongepokal NM 1981 – Gull i diskos og kule, kongepokal NM 1982 – Gull i diskos og kule NM 1983 – Gull i diskos og kule NM 1984 – Gull i diskos og kule, kongepokal OL 1984 – 4. plass i diskos NM 1986 – Gull i diskos, kongepokal EM 1986 – 4. plass i diskos NM 1988 – Gull i diskos OL 1988 – 7. plass i diskos NM 1989 – Gull i diskos Gjeldande norsk rekord i diskos med 69,62 meter.
Kjelder Denne artikkelen er henta frå Wikipedia på bokmål 26. september 2006.
Referansar
Bakgrunnsstoff
Nettsidene til Norges Fri-idrettsforbund
Kategori:Norske diskoskastarar Kategori:Norske kulestøytarar Kategori:Noregsmeistrar i friidrett Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 1976 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1976 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 1984 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1984 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 1988 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1988 Kategori:Kongepokalvinnarar i friidrett Kategori:Vinnarar av Bislett-medaljen Kategori:Dopingsaker i friidrett Kategori:Folk frå Kvam