Epipactis dunensis er ei plante i flangreslekta Epipactis i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae. Arten er endemisk for Dei britiske øyane.

Systematikk Ein reknar med at arten har desse underartane: nominatunderarten E. dunensis ssp. dunensis E. dunensis ssp. tynensis E. dunensis ssp. sancta (somme tider rekna som eigen art, E. sancta)

I Plants of the World Online er desse ikkje rekna som underartar, men som synonym for arten.

Utbreiing Både i Storbritannia og Irland er det uvisse om tilhøvet mellom den endemiske arten E. dunensis (engelsk namn dune helleborine) og grønflangre. Sett under eitt er dei to artane livskraftige, men det trengst meir data for å vurdere artane i Storbritannia. E. dunensis finst truleg likevel ikkje i Skottland. I Wales reknar ein arten som sårbar (VU). Arten er sett på venteliste (WL) for raudlistevurdering i Irland.

Hybridar Epipactis dunensis kan danne hybridar med skogbreiflangre (Epipactis dunensis × helleborine ssp. helleborine), kjend frå mange stader i Skottland.

Referansar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Orkidear i Storbritannia Kategori:Orkidear i Irland Kategori:Flangreslekta