Skogbreiflangre (Epipactis helleborine ssp. helleborine) er ei plante i flangreslekta Epipactis i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae. I raudlistevurderiga 2021 er underarten rekna som livskraftig (LC).

Systematikk Artsdatabanken bruker prinsipielt separate namn på ulike taksonomiske nivå. Her har ein vald å bruke det innarbeidde namnet breiflangre på arten og gi eit nytt namn til nominatunderarten, som har fått namnet skogbreiflangre. Som oftast vil det vere denne underarten som er meint når ein bruker namnet breiflangre, og mange vel å omtale underarten som «vanleg breiflangre». Artsdatabanken tilrår å bruke skogbreiflangre.

Utbreiing I Noreg er skogbreiflangre vanleg over store delar av landet, men ikkje i høgareliggjande område på Austlandet eller lengst nord i landet.

Underarten finst òg i Sverige (status LC, svensk namn vanlig skogsknipprot), i Danmark (LC, dansk namn skov-hullæbe) og i Finland (LC, finsk namn lehtoneidonvaippa).

Bortsett frå eit mogleg funn av dyneflangre i Wales, er det skogbreiflangre som representerer arten på Dei britiske øyane. I både den britiske og den irske raudlista har arten status som livskraftig (LC), på same måte som lokalt i England og Wales, og han er ikkje nemnd for tiltak i Skottland. Ei noko avvikande form, som stundom har vore rekna som ein eigen art (kalla E. youngiana), blir no rekna for høgst å vere ein varietet av skogbreiflangre (E. helleborine ssp. helleborine var. youngiana).

I Estland er det registrert nokre funn av underarten E. helleborine ssp. orbicularis, men elles er det ingen informasjon om underartar. Arten breiflangre er vanleg over heile landet og er rekna som livskraftig (LC). I Latvia er det ingen informasjon om underartar, men arten er temmeleg vanleg over heile landet og står ikkje som truga på den latviske raudlista. I Litauen veks arten over heile landet og er rekna som livskraftig, men ein reknar med at det kan finnast fleire underartar, varietetar og former.

I Benelux er underarten (nederlandsk namn brede wespenorchis, fransk namn épipactis à larges feuilles) vanleg i Nederland, så òg både i Flandern og Vallonia i Belgia. I den nederlandske raudlista er underarten rekna som livskraftig (LC, thans niet bedreigd), I Belgia er underarten ikkje raudlistevurdert separat, men denne underarten er den dominerande. Arten er rekna som livskraftig i Flandern (LC, momenteel niet in gevaar) og i Vallonia (LC, préoccupation mineure). I Luxembourg er arten òg rekna som livskraftig (LC). I Tyskland er skogbreiflangre (tysk namn Breitblättrige Ständelwurz) rekna som livskraftig (LC, ungefährdet), likeeins i Polen (polsk namn kruszczyk szerokolistny).

Hybridar Hybriden mellom skogbreiflangre og raudflangre (Epipactis atrorubens × helleborine ssp. helleborine eller Epipactis ×schmalhausenii) er registrert i Østfold og finst truleg fleire stader i Noreg. Han er kjend frå Sverige, Storbritannia og Polen, medan eit herbarieeksemplar frå Møn i Danmark kan vere feilbestemt.

Hybriden med snauflangre (Epipactis helleborine ssp. helleborine × phyllanthes eller Epipactis ×bruxellensis) er registrert i Sverige og er funnen i herbariemateriale frå Sjælland i Danmark. Hybriden med purpurflangre (Epipactis helleborine ssp. helleborine × purpurata eller Epipactis ×schulzei) var berre registrert nokre få stader aust på Jylland og på Falster, men er funnen fleire stader dei siste åra. På Dei britiske øyane er han registrert mange stader i Sør-England. Hybriden med grønflangre (Epipactis helleborine ssp. helleborine × leptochila eller Epipactis ×stephensonii) er rapportert frå sør i England, men ikkje verifisert.

Hybridar med Epipactis dunensis (Epipactis dunensis × helleborine ssp. helleborineer kjend frå mange stader i Skottland. I Nederland er det òg registrert ein hybrid med Epipactis muelleri (Epipactis helleborine ssp. helleborine × muelleri eller Epipactis ×reinekei).

I Polen vart det i 2012 rapportert om funn av hybriden med Epipactis greuteri (E. helleborine ssp. helleborine × E. greuteri eller E. ×breinerorum).

Referansar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Orkidear i Noreg Kategori:Orkidear i Sverige Kategori:Orkidear i Danmark Kategori:Orkidear i Finland Kategori:Orkidear i Storbritannia Kategori:Orkidear i Irland Kategori:Orkidear i Estland Kategori:Orkidear i Latvia Kategori:Orkidear i Litauen Kategori:Orkidear i Nederland Kategori:Orkidear i Belgia Kategori:Orkidear i Luxembourg Kategori:Orkidear i Tyskland Kategori:Orkidear i Polen Kategori:Flangreslekta