Grov nattfiol (Platanthera chlorantha) er ei plante i nattfiolslekta Platanthera i orkidéfamilien (marihandfamilien).
Utsjånad Grov nattfiol kan bli opp mot 50 centimeter høg, og har kvite blomar med lang spore i eit glisent aks. Han er oftast litt større og grøvre enn nattfiol. Hos nattfiol ligg dei to støvbærarane tett ved sidan av kvarandre inne i blomen, medan dei hos grov nattfiol spriker som ein oppned «V». Blomane duftar søtleg, mest om natta, noko som heng sama med at dei blir bestøva av nattaktive tussmørkesvermarar (Sphingidae).
Systematikk Det vitskaplege namnet P. montana har òg vore brukt om grov nattfiol.
Utbreiing Nattfiol veks gjerne i ulike typar slåtte- og beitemark, vegkantar, lyngheier og (beita) skog. Arten lever mest nær kysten nord til Trøndelag. I Norsk raudliste for artar (2021) er arten vurdert som livskraftig (LC).
Arten finst òg i Sverige (status LC, svensk namn grönvit nattviol), i Danmark (NT, dansk namn skov-gøgelilje) og i Finland (LC, finsk namn keltalehdokki).
Grov nattfiol (engelsk namn greater butterfly orchid) veks spreidde stader på Dei britiske øyane, og i den britiske raudlista har arten status som nær truga (NT). Lokalt er han livskraftig (LC) i England og Wales, men nær truga (NT) i Skottland. I Irland har han status som livskraftig (LC).
I Estland (estisk namn rohekas käokeel) er nattfiol vanleg over heile landet og er rekna som livskraftig (LC). I Latvia (latvisk namn zaļziedu naktsvijole) er arten temmeleg vanleg over heile landet og står ikkje som truga på den latviske raudlista. I Litauen (litauisk namn žalsvažiedė blandis) veks arten over heile landet og er rekna som livskraftig.
I Benelux veks arten (nederlandsk namn bergnachtorchis, fransk namn platanthère des montagnes) i Nederland særleg i Limburg, ellers spreidd. I Belgia er han svært sjeldan i Flandern, ein god del vanlegare i Vallonia. I den nederlandske raudlista (som P. montana) er arten rekna som sårbar (VU, kwetsbaar). I Belgia er han rekna som sterkt truga (EN, bedreigd) i Flandern og livskraftig (LC, préoccupation mineure) i Vallonia. I Luxembourg er han rekna som sårbar (VU).
I Tyskland er arten (tysk namn Grünliche Waldhyazinthe) rekna som sårbar (VU, gefährdet). I Polen (polsk namn podkolan zielonawy) veks arten litt speidd over heile landet og blir rekna som nær truga (NT, bliski zagrożenia).
Hybridar Det er gjort funn av hybridar mellom grov nattfiol og nattfiol (Platanthera bifolia × chlorantha eller Platanthera ×hybrida) i Vestfold, utan at det er klarlagd kva for ein underart av nattfiol som er involvert. Hybriden er truleg oversett. Hybriden med heinattfiol (Platanthera bifolia ssp. bifolia × chlorantha) er registrert fleire stader i det sørlege Sverige, medan hybriden med skognattfiol (Platanthera bifolia ssp. latiflora × chlorantha) er registrert nokre få stader. I Finland er berre skognattfiol representert, så der er det denne siste hybriden som finst på Åland og heilt i sørvest på fastlandet. I Danmark er båe underartane representerte i hybridane. På Dei britiske øyane er hybriden kjend frå spreidde lokalitetar, men det er ikkje skild mellom underartane. Hybriden er òg registrert i Estland, i Litauen, i Nederland og i Tyskland (tysk namn Bastard-Waldhyazinthe) utan at det er skild mellom underartane.
Grov nattfiol kan òg danne ein intergenerisk hybrid (hybrid mellom ulike slekter) med smågrønkurle (Dactylorhiza viridis ssp. viridis × Platanthera chlorantha), registrert i Sverige.
Referansar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Orkidear i Noreg Kategori:Orkidear i Sverige Kategori:Orkidear i Danmark Kategori:Orkidear i Finland Kategori:Orkidear i Storbritannia Kategori:Orkidear i Irland Kategori:Orkidear i Estland Kategori:Orkidear i Latvia Kategori:Orkidear i Litauen Kategori:Orkidear i Nederland Kategori:Orkidear i Belgia Kategori:Orkidear i Luxembourg Kategori:Orkidear i Tyskland Kategori:Orkidear i Polen Kategori:Nattfiolslekta