Praktbrudespore (Gymnadenia densiflora), tidlegare òg kalla tettbrudespore, er ei plante i brudesporeslekta Gymnadenia i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae.
Utsjånad Praktbrudespore er ei høgreist plante som kan bli 50 centimeter høg. Samanlikna med den nære slektningen brudespore er praktbrudespore ofte høgare, og har gjerne ein tettere og lengre blomsterstand og breiare blad. Midtfliken på leppa er ofte smalare og litt kortare enn sideflikane, og sporane er som oftest kortare. Ingen av desse kjennemerka er likevel eintydige nok til å skilje artane sikkert.
Systematikk Brudespore var tidlegare delt inn i to underartar, nominatunderarten G. conopsea ssp. conopsea, kalla engbrudespore, og underarten G. conopsea ssp. densiflora, kalla praktbrudespore. I samband med raudlistevurderinga i 2021 blei dei to underartane vurderte til å være separate artar i brudesporeslekta. Namnet brudespore er no den normerte nemninga for arten G. conopsea, men han blir òg omtalt som engbrudespore. Praktbrudespore er no namn på arten G. densiflora.
I Storbritannia er det oppgitt ein underart G. densiflora ssp. friesica
I Nederland og Belgia er denne rekna som ein varietet G. densiflora var. friesica
Utbreiing I mangel av sikre morfologiske kjennemerke kan arten først og fremst skiljast frå brudespore ut frå økologien og blømingstida. Medan brudespore trivst både på fastmark og på myr, er praktbrudespore ein eksklusiv rikmyrsart. Dessutan blømer han monaleg seinare. Der båe veks saman, startar bløminga hos praktbrudespore etter at brudespore er avblomstra.
Ettersom dei to artane ikkje har vore registrerte separat tidlegare, er det uvisse om utbreiinga til praktbrudespore. Arten blei først påvist i Noreg i 2005/2006 ved ein gjennomgang av herbariebelegg, og ein revisjon i 2019/2020 av delar av det norske herbariematerialet har vist at arten er nokså utbreidd i lågare delar av Austlandet, i Midt-Noreg og i kalkområde i Nordland. Berre ein handfull nye funn er så langt registrerte i Artsdatabanken, og nokre av dei er tvilsame. I 2021 er praktbrudespore kome inn på Norsk raudliste for artar som nær truga (NT).
Arten finst òg i Sverige (ikkje vurdert separat, svensk namn praktsporre) og i Danmark (status CR, dansk namn tætblomstret trådspore), båe stader rekna som underart.
Det har vore stor uvisse om utbreiinga av praktbrudespore (engelsk namn marsh fragrant orchid) på Dei britiske øyane. I den britiske raudlista er statusen frå 2025 rekna som nær truga (NT), i England og Wales er statusen usikker (DD, datamangel), og han er ikkje nemnd for tiltak i Skottland. I den irske raudlista har arten status som livskraftig (LC).
Praktbrudespore (estisk namn tihedaõieline käoraamat) er registrert spreidd i Estland, men er så langt ikkje raudlistevurdert separat.
I Benelux veks praktbrudespore (nederlandsk namn dichte muggenorchis, fransk namn orchis moucheron à inflorescence dense) i Nederland på kysten og i Limburg. I Flandern i Belgia finst han berre få spreidde stader, medan han i Vallonia er sjeldan i Ardennane. Praktbrudespore er så langt ikkje separat raudlistevurdert. Det er heller ikkje varieteten var. friesica (nederlandsk namn friese muggenorchis).
I Tyskland er arten (tysk namn Dichtblütige Händelwurz) rekna som sårbar (VU, gefährdet), i Polen (polsk namn gółka gęstokwiatowa) veks han spreidd i sør og er rekna som sterkt truga (EN, zagrożony).
Hybridar Dei tre taksona i brudesporeslekta på Dei britiske øyane som no har status som eigne artar, er førebels ikkje så godt kartlagde. Ein reknar med at praktbrudespore dannar hybridar med både brudespore (Gymnadenia conopsea × densiflora) og grannbrudespore (Gymnadenia borealis × densiflora).
Praktbrudespore kan danne ein intergenerisk hybrid (hybrid mellom ulike slekter) med Dactylorhiza majalis ssp. praetermissa (Dactylorhiza majalis ssp. praetermissa × Gymnadenia densiflora eller ×Dactylodenia ettlingeriana), som er registrert i Sør-England. Ein reknar òg med at praktbrudespore dannar ein intergenerisk hybrid med skogmarihand (Dactylorhiza maculata ssp. fuchsii × Gymnadenia densiflora).
Referansar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Orkidear i Noreg Kategori:Orkidear i Sverige Kategori:Orkidear i Danmark Kategori:Orkidear i Storbritannia Kategori:Orkidear i Irland Kategori:Orkidear i Estland Kategori:Orkidear i Nederland Kategori:Orkidear i Belgia Kategori:Orkidear i Tyskland Kategori:Orkidear i Polen Kategori:Brudesporeslekta