mini|Ein cosplayer utkledd som prinsesse Zelda

Prinsesse Zelda (プリンセス ゼルダ, Purinsesu Zeruda) er ein oppdikta dataspelfigur frå The Legend of Zelda-serien. Ho er medlem av kongefamilien i Hyrule og speler ei viktig rolle i historia til kongeriket. Sjølv om namnet hennar er i tittelen på serien, kontrollerer spelaren protagonisten Link.

På eit eller anna vis blir Zelda ofte kidnappa eller fengsla av Ganon, i nokre spel òg kjend som Ganondorf. Zelda opptrer i nokre spel som ein av dei vise, og ho har òg i seinare spel vorte framstilt som ein profet. Skaparen av Zelda-spela, Shigeru Miyamoto, har sagt at namnet var inspirert av Zelda Fitzgerald, kona til forfattaren F. Scott Fitzgerald.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Prinsesse Zelda» frå , den 20. februar 2022.

Kategori:Dataspelfigurar Kategori:Oppdikta prinsesser Kategori:The Legend of Zelda