Gunvor Mjelva () var ein norsk songar (sopran), opphavleg pianist.

Ho debuterte i Universitetets aula i 1932 og opptredde på alle dei store scenane i Skandinavia. Ho hadde også oppdrag i England og USA som konsert- og oratoriesanger. Mjelva hadde fleire operaroller, blant anna spelte ho Euridice i Orfeus og Micaela i Carmen. Ho var mykje nytta som romansesongar og blei kjend for den sikre intonasjonen, varme stemmen og inderlege innfølingsevna si. Gunvor Mjelva verka òg som songpedagog, og ho organiserte og dreiv korverksemd i Drammen og i Oslo.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Gunvor Mjelva» frå , den 15. februar 2022.

Litteratur Astrid Haavardsholm: «Gunvor Mjelva – sanger og sangpedagog», i Jeg kunne det da jeg dro hjemmefra, Oslo Musikklærerforening gjennom hundre år 1905 – 2005,Oslo: Norsk Musikforlag AS, 2005, s 194 – 201.

Kategori:Norske operasongarar Kategori:Folk frå Drammen