mini|høgre|250px|Byen Brno i Tsjekkia Brno er ein by og ein kommune med utvida fullmakter i distriktet Brno-město okres i regionen Sør-Mähren i Tsjekkia. Brno har status som lovbestemt by (tsjekkisk statutární město).

Brno er den nest største byen i Tsjekkia og ligg i den søraustlege luten av landet, der elvane Svitava og Svratka flyt saman. Byen er eit politisk og kulturelt sentrum for regionen Mähren, eit område med om lag 1 130 000 innbyggjarar. Byen er lokalisert på krossvegen mellom gamle handelsvegar, som knytte saman nord- og søreuropeiske sivilisasjonar i fleire hundreår.

Universitetet i Brno, Masarykova Univerzita, som er oppkalla etter Tomáš Garrigue Masaryk, vart grunnlagt i 1919 og har i dag om lag 30000 studentar.

Etymologi

Etymologien til namnet er omstridd. Namnet stammar mest truleg frå det gamle slaviske ordet brnie (mudder) eller brniti (å styrkje). Ei alternativ forklaring stammar frå eit keltisk språk som vart brukt i området før det vart folkesett av slaviske og germanske stammar. Det finst likskapar med andre keltiske ord for høgd eller bakke, slik som det walisiske ordet bryn.

Historie

Ein kjenner til at det har eksistert busetnader i Brno-området frå tida rundt Stor-Mähren, men først ca. 1021 vart det bygd ei borg her som er kjend som Stare Brno (Gamle Brno), og det er denne som gav namn til byen. I 1091 vert staden nemnd som landsby, og er kjend som setet til Prinsen av Premyslid. Rundt borga vart det skipa fleire marknader, og frå 1200-talet strøymde utlendingar til byen. Tyskarar og nederlendarar slo seg ned kring det som i dag er Náměstí Svobody. Eit jødisk kvartal vart oppretta ved den nedre delen av det som i dag er Masarykova-gata.

I 1243 vart Brno gjeve byrettar av den bøhmiske kongen, Vaclav I. Byen var på denne tida omgjeven av ei festning med fem portar; Měnín, Zidovská (Den jødiske porten), Starobrněnská (Gamlebrno Port), Veselá (Lystige Port) og Běhounská. Byen hadde då to kyrkjer (St. Peter og St. Jakob) og fleire kloster. Av dei ordenane som eksisterte i byen var mellom anna dominikanarar, cistersianarar og benediktinarar. Spielberk Slott var ombygd til gotisk stil i løpet av dette hundreåret.

På 1300-talet vart byen sete for dei mähriske Margravane, og byen vart sterkt utvida med rundt 1000 bygningar og 11 000 innbyggjarar. Mykje av dette kjem av at byen hadde handelsprivilegium som gjorde at handelen med andre byar voks. I 1355 skriv byskrivaren Jan ned rettsreglane for byen, og desse reglane danna seinare ein mal for andre byar. Byen vart på denne tida leia av ein magistrat og eit byråd av 12 menn. Frå midten av 1300-talet vart byen senteret for Mähren-regionen sine samlingar saman med Olomouc. Desse samlingane avgjorde politiske, rettslege og finansielle spørsmål.

Under hussitarkrigane var byen tru mot Kong Zikmund og to gonger vart byen kringsett (1428 og 1430) utan resultat. I 1454 utviste Kong Ladislav Pohrobek alle jødane frå byen og dei busette seg i den delen som i dag er Krenova-gata. Under regjeringstida til Kong Jiri av Podebrady støtta Brno motstandaren hans, Matthias Corvinus, som i Mähren var kjend som Kongen av Böhmen. Under båe borgarkrigane på 1400-talet stagnerte handelen.

På midten av 1500-talet flytte Brno seg mot protestantismen, som hadde fleirtal i bystyret. I ein freistnad på å re-katolisere byen kom det nye ordenar til byen. Dei med mest innverknad var jesuittane og cappucinarane. I denne perioden heldt innbyggjartalet seg stabilt på same nivå som det hadde vore i 200 år.

Saman med resten av Mähren kom Brno under det tysk-romerske riket og habsburgarane. I 1641 vart byen hovudstad i den austerrikske provinsen Mähren. I 1643 og 1645 klarte byen å motstå to svenske kringsetjingar, og på denne måten klarte Brno å gje den austerrikske keisaren sjansen til å omdisponere armeane sine og motstå dei svenske åtaka. Under åtaka på byen spelte den militære leiaren Radoit de Souches og jesuittpresten Martin Streda viktige roller. Som takk fekk byen fornya sine privilegium. Under trettiårskrigen vart Brno den einaste hovudstaden i Mähren, og var rekna som uråd å innta. Alle regionsmøte fann no stad i byen.

I 1742 freista Preussen å ta byen, utan hell, og posisjonen til byen vart stadfest i 1777 då byen òg vart eit bispesete. Det var i dette hundreåret at industri og handel for alvor tok seg opp i Brno, sjølv om det først var på 1800-talet at Brno vart ein stor industriby med mykje tekstil- og verksindustri. I 1805 var Napoleon i nærleiken av Brno då slaget ved Austerlitz (Slesko, tsj.) fann stad utanfor byportane.

I 1839 kom det første toget til Brno. Med industriutviklinga kom òg utviklinga av forstadene, noko som gjorde at byen miste sin karakter som festningsby. Spilberk Slott vart omgjort til eit fengsel for alvorleg kriminalitet, der òg politiske opponentar til Austerrike-Ungarn vart sende.

I 1850 vart 32 nabokommunar knytte til Brno, noko som gjorde at folkesetnaden auka til 46 000 innbyggjarar. Gasslys kom til byen i 1847, og trikk i 1869. Talet på skular auka kraftig i denne perioden.

I 1919 vart Tsjekkoslovakia frigjeve frå Austerrike-Ungarn, noko som medførte at Brno ikkje lenger hadde tyskspråkleg fleirtal i byrådet, og byen vart den nest største byen i det nye Tsjekkoslovakia. Byen fekk i 1918 huse Tsjekkoslovakia sin Høgsterett. Byen vart under denne tida eit endå viktigare handels- og industrisentrum. I 1928 opna utstillingsområde (Brno Veletrhy).

Under den andre verdskrigen vart byen sterkt råka, og mange tsjekkarar miste livet. I studentbyen Kounicove Koleje vart mange tsjekkarar avretta av nazistane, noko som etter krigen òg førte til Beneš-dekreta, der sudettyskarar vart jaga ut av landet, hovudsakleg til Austerrike. Dette skjedde i mai og juni 1945.

Etter den andre verdskrigen og under den tsjekkoslovakiske sosialismen, styrt frå Moskva, utvikla Brno seg vidare som industriby, men stagnerte teknologisk. Mange landsbyar i området vart utbygde med store sosialistiske blokker. Etter at kommunismen fall vart det lagt meir vekt på bevaring og renovering av den historiske gamlebyen. I 1992 fekk byen òg Konstitusjonsdomstolen i landet.

Arkitektur mini|250px|Vila Tugendhat Eit av dei store arkitektoniske meisterverka er å finne i Brno i form av Villa Tugendhat. Villaen, som i dag står på UNESCO si verdsarvliste som monument of modern architecture, vart teikna av arkitekten Ludwig Mies van der Rohe i 1928. Arkitekten brukte dei mest moderne teknikkane frå byrjinga av 1900-talet. Eit døme er frontglaset som dekkjer ein heil vegg, og som kan senkast ned. Van der Rohe designa ikkje berre villaen, men òg møblane til huset. Då Tsjekkoslovakia vart oppløyst 1. januar 1993 vart avtala om oppløysing inngått i hagen til huset, mellom President Václav Havel og Vladimír Mečiar frå Slovakia.

Universitet og skular Brno har ein lang tradisjon som institusjonsby i Mähren. Allereie på 1300-talet var byen eit sentrum for regionen og nedteikningane i regionen vart haldne i byen. Sidan byen hadde eit rikt religionsliv med mange ordenar, var byen òg ein naturleg lærestad. Utviklinga av barne-, ungdoms- og vidaregåande skular tok seg kraftig opp på 1800-talet. I 1873 vart den Tyske Teknologiske Skule oppretta, og den Tsjekkiske Teknologiske Skule kom til i 1899. I 1919 vart Masaryk-Universitetet skipa i Brno. Frå 1960 til 1990 vart universitetet kalla Jan Evangelista Purkyně-Universitetet.

Industri Føretaket Zbrojovka, som produserer Zetor traktorar, ligg i Brno.

Administrativ inndeling

Då distrikta vart avvikla som administrative einingar i 2003, vart det administrative ansvaret til distrikta ført over til administrative område til kommunar med utvida fullmakter (tsjekkisk správní obvody obcí s rozšířenou působností, forkorta SO ORP). Brno er ein slik by med utvida fullmakter.

Lovbestemt by Brno har status som lovbestemt by frå 1990.

Bydistrikt Som lovbestemt by har Brno rett til på eiga hand å opprette sjøvstyrande bydistrikt (tsjekkisk městské obvody). Det er oppretta 29 slike distrikt. Grensene mellom dei følgjer ikkje alltid grensene mellom dei 48 bydelane som ein ellers refererer til.

Storbyområde Som eit verktøy i økonomisk planlegging er det oppretta eit storbyområde for Brno og områda rundt. Kommunen Brno inngår i storbyområdet i tillegg til 183 kommunar frå fleire andre administrative område.

Kommunar Det administrative området til Brno omfattar berre den eine bykommunen. Brno*

Folketal Folketalet i det administrative området i dei siste folketeljingane: Folketal 2001 Folketal 2011 Folketal 2021 Brno SO 376 172 385 913 398 510

Kommunar Den einaste kommunen i det administrative området: Kommune Folketal 2021 Brno 398 510

Bydelar i Brno mini|250px|Bydelane i Brno Bydelane og tettstadene i Brno:

Nr. Bydel/tettstad Folketal 2021 1 Bohunice 14 212 2 Bosonohy 2 602 3 Brněnské Ivanovice 1 481 4 Brno-město 5 300 5 Bystrc 24 714 6 Černá Pole 20 412 7 Černovice 8 374 8 Dolní Heršpice 813 9 Dvorska 380 10 Holásky 1 142 11 Horní Heršpice 2 114 12 Husovice 6 915 13 Chrlice 3 613 14 Ivanovice 1 997 15 Jehnice 1 090 16 Jundrov 4 458 17 Kníničky 1 105 18 Kohoutovice 11 573 19 Komárov 4 988 20 Komín 7 984 21 Královo Pole 21 119 22 Lesná 15 981 23 Líšeň 26 266 24 Maloměřice 3 363 25 Medlánky 6 103 26 Mokrá Hora 865 27 Nový Lískovec 10 284 28 Obřany 3 014 29 Ořešín 607 30 Pisárky 2 606 31 Ponava 6 817 32 Přízřenice 1 186 33 Řečkovice 14 262 34 Sadová 1 858 35 Slatina 11 104 36 Soběšice 2 494 37 Staré Brno 17 640 38 Starý Lískovec 12 782 39 Stránice 4 552 40 Štýřice 8 665 41 Trnitá 4 429 42 Tuřany 2 671 43 Útěchov 920 44 Veveří 20 467 45 Zábrdovice 12 632 46 Žabovřesky 21 262 47 Žebětín 6 222 48 Židenice 33 072 Brno by 398 510 Brno kommune 398 510

Bydistrikt i Brno mini|250px|Bydistrikta i Brno Dei 48 bydelane fordeler seg slik på dei sjølvstyrande bydistrikta:

Nr. Bydistrikt Folketal 2021 Bydelar 1 Brno-Bohunice 14 212 Bohunice 2 Brno-Bosonohy 2 602 Bosonohy 3 Brno-Bystrc 24 714 Bystrc 4 Brno-Černovice 8 374 Černovice 5 Brno-Chrlice 3 613 Chrlice 6 Brno-Ivanovice 1 997 Ivanovice 7 Brno-Jehnice 1 090 Jehnice 8 Brno-jih 9 258 Dolní Heršpice, Horní Heršpice, Komárov, Přízřenice, Trnitá (del) 9 Brno-Jundrov 4 617 Jundrov (del), Pisárky (del) 10 Brno-Kníničky 1 105 Kníničky 11 Brno-Kohoutovice 12 078 Kohoutovice, Jundrov (del) 12 Brno-Komín 7 984 Komín 13 Brno-Královo Pole 30 155 Královo Pole, Černá Pole (del), Ponava, Sadová 14 Brno-Líšeň 26 266 Líšeň 15 Brno-Maloměřice a Obřany 6 376 Maloměřice (del), Obřany 16 Brno-Medlánky 6 103 Medlánky 17 Brno-Nový Lískovec 10 284 Nový Lískovec (del), Starý Lískovec (del) 18 Brno-Ořešín 607 Ořešín 19 Brno-Řečkovice a Mokrá Hora 15 127 Řečkovice, Mokrá Hora 20 Brno-sever 48 382 Černá Pole (del), Husovice, Lesná, Soběšice, Zábrdovice (del) 21 Brno-Slatina 11 104 Slatina 22 Brno-Starý Lískovec 12 782 Starý Lískovec (del), Nový Lískovec (del) 23 Brno-střed 70 857 Černá Pole (del), Brno-město, Pisárky (del), Staré Brno, Stránice, Štýřice, Trnitá (del), Veveří, Zábrdovice (del) 24 Brno-Tuřany 5 674 Brněnské Ivanovice, Dvorska, Holásky, Tuřany 25 Brno-Útěchov 920 Útěchov 26 Brno-Vinohrady 12 172 Maloměřice (del), Židenice (del) 27 Brno-Žabovřesky 21 262 Žabovřesky 28 Brno-Žebětín 6 222 Žebětín 29 Brno-Židenice 22 573 Židenice (del), Zábrdovice (del) Brno kommune 398 510

Kjende personar frå Brno Pavel Blatný, komponist Ludwig Czech, frå 1920 formann for Deutsche sozialdemokratische Arbeiterpartei in der Tschechoslowakischen Republik Kurt Gödel, matematikar og logikar Pavel Haas, komponist Oskar Jellinek, forfattar Maria Jeritza, operasongar Viktor Kaplan, ingeniør og oppfinnar Hellmuth Karasek, journalist og litteraturkritikar Milan Kundera, forfattar Adolf Loos, arkitekt Ernst Mach, fysikar, filosof og vitskapsteoretikar Gregor Mendel, augustinermunk og naturforskar Robert Musil, forfattar Joseph Ressel, oppfinnar Leo Slezak, operasongar Ernst Tugendhat, filosof Ernst Weiß, forfattar

Merknader

Kjelder

Bakgrunnsstoff