mini|Luftfoto av St. Cloud

Stearns County er eit fylke sentralt i den USA-amerikanske delstaten Minnesota. Fylket dekker eit flatemål på 3 600 km². Folketalet i Stearns County var i 2020 på 158 000. Fylkesadministrasjonen held til i den mellomstore byen St. Cloud.

Fylket vart grunnlagt i 1855. Ved folketeljinga 2000 vart 56,9 % av ibuarane registrert som tyskætta og 9,4 % som norskætta.

Forfattaren Sinclair Lewis var frå Sauk Centre i Stearns County.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Stearns County, Minnesota» frå , den 12. desember 2021.

Kategori:County i Minnesota