The Black Mamba er eit portugisisk band som består av Pedro Tatanka, Ciro Cruz og Miguel Casais. Bandet vart skipa i 2010 og vann i 2021 den portugisiske songtevlinga Festival da Canção med låten «Love Is on My Side». På grunn av sigeren representerte det Portugal i Eurovision Song Contest 2021 i Rotterdam i Nederland.

Bakgrunn Trioen vart danna i 2010 og gruppa tok namnet «The Black Mamba». Namnet var òg tittelen på debutalbumet til gruppa, som hadde låtar innan blues, soul og funk. Etter utgjevinga turnerte gruppa i Portugal, og dessutan til byar som London, Philadelphia, Luanda, Madrid og Sevilla, før ho drog til Brasil i 2013. Andre albumet til gruppa, Dirty Little Brother, vart utgjeve i 2014, etterfølgt av ein ny nasjonal og internasjonal turné.

2016 var eit arbeidsår der The Black Mamba heldt ein serie akustiske konsertar. I oktober 2018 gav dei ut The Mamba King, det tredje studioalbumet til gruppa. Året etter markerte starten på Good Times Tour, der gruppa feira ti år. Turneen vart avslutta i slutten av februar 2020. I løpet av året heldt dei ein serie mindre konsertar i Portugal, men aktiviteten vart avgrensa på grunn av koronaviruspandemien.

I 2021 var The Black Mamba ein av deltakarane i songtevlinga Festival da Canção i regi av kringkastaren RTP. I finalen laurdag 6. mars 2021 vann gruppa tevlinga med låten «Love Is on My Side». Som følgje av sigeren fekk ho representere Portugal i Eurovision Song Contest 2021 i Rotterdam i Nederland. Det var fyrste gong Portugal deltok med ein låt som berre hadde engelsk tekst. Gruppa deltok i den andre semifinalen torsdag 20. mai og kvalifiserte seg til finalen. I finalen enda gruppa på tolvteplass.

Diskografi

Album

2011: The Black Mamba ‎ 2014: Dirty Little Brother 2018: The Mamba King

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «The Black Mamba (band)» frå , den 6. desember 2021.

Kategori:Portugisiske musikkgrupper Kategori:Portugisiske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2021-deltakarar