Ben & Tan er ein dansk songduo som består av Benjamin Rosenbohm og Tanne Balcells. Duoen møtte kvarandre i 2019, då dei begge deltok i danske X Factor. Året etter vant dei Dansk Melodi Grand Prix med låten «Yes». Med sigeren skulle dei ha representert Danmark i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland, men 18. mars 2020 avlyste EBU Eurovision Song Contest på grunn av koronaviruspandemien i Europa vinteren 2020.
Bakgrunn Dei to medlemmane Tanna Amanda Balcells og Benjamin Rosenbohm deltok begge i danske X Factor i 2019. Balcells enda på fjerdeplass som del av gruppa Echo, medan Rosenbohm kom til finalen, der han enda på andreplass. Etter X Factor danna dei to duoen Benn & Tan og melde seg på til Dansk Melodi Grand Prix i regi av Danmarks Radio (DR).
31. januar 2020 kunngjorde DR at Ben & Tan var ein av dei ti finalistane i Dansk Melodi Grand Prix. Bidraget til duoen, «Yes», er skriven av Emil Lei, Jimmy Jansson og Linnea Deb. Låten vart sloppen same dag. Under finalen i København laurdag 7. mars 2020 vann duoen tevlinga med 61 prosent av telefonrøystene i siste runde. Med sigeren skulle Ben & Tan ha representert Danmark i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland. Duoen skulle delta i den andre semifinalen torsdag 12. mai 2020. På grunn av koronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020 såg EBU seg nøydd til å avlyse Eurovision Song Contest for å hindre spreiing av koronaviruset SARS-CoV-2 og den medfølgjande sjukdomen COVID-19.
Referansar
Denne artikkelen bygger på «Ben & Tan» frå , den 5. desember 2021.
Kategori:Danske musikkgrupper Kategori:Danske musikarar Kategori:Dansk Melodi Grand Prix-vinnarar Kategori:Danske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2020-deltakarar Kategori:Ikkje-deltakande Eurovision Song Contest-artistar