«You» (norsk 'du') er ein song frå 2021 som er komponert og vert framført av den georgiske songaren Tornike Kipiani. Songen vart utgjeven i mars 2021 og var det georgiske bidraget til Eurovision Song Contest 2021 i Rotterdam i Nederland.
Om songen Etter å ha vunne den georgiske versjonen av Idol i januar 2020, vart Kipiani vald til å representere Georgia i Eurovision Song Contest 2020. EBU vedtok i midten av mars å avlyse Eurovision Song Contest på grunn av koronaviruspandemien. Nokre dagar etter avlysinga vedtok Georgias offentlege kringkasting at Kipiani skulle representere landet i Eurovision Song Contest 2021.
1. mars 2021 kunngjorde den georgiske kringkastaren at Kipiani skulle framføre låten «You». Denne er skriven av Kipiani sjølv og vert skildra som ein song innan sjangrane rock, poprock og bluesrock. I tillegg til Tornike Kipiani deltok Gori jentekor, Aleko Berdzenishvili, Marian Shengelia og Mariko Lezhava på innspelinga. Songen vart utgjeven 15. mars.
Det vart òg spela inn ein musikkvideo til songen, regissert av Temo Kvirkvelia.
Eurovision Song Contest Georgia deltok i den andre semifinalen av Eurovision Song Contest, som vart arrangert i Rotterdam Ahoy i Rotterdam i Nederland torsdag 20. mai. «You» enda nest sist i semifinalen og kvalifiserte ikkje seg til finalen laurdag 22. mai 2021.
Svenske Emilia Sandquist var kunstnarisk ansvarleg for sceneshowet til Georgia under tevlinga. Sandquist har tidlegare regissert sceneshow for fleire artistar i svenske Melodifestivalen.
Referansar
Denne artikkelen bygger på «You (Tornike Kipiani-sang)» frå , den 2. desember 2021.
Kategori:Georgiske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest 2021-songar Kategori:Engelskspråklege Eurovision Song Contest-songar