Blas Cantó Moreno () er ein spansk songar. Han vart kjend i Spania som eit av medlemmane i det spanske bandet Auryn, og i 2017 starta han ein solokarriere. Cantó skulle representere Spania i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland med songen «Universo», men tevlinga vart avlyst på grunn av koronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020. I staden representerte Cantó Spania i Eurovision Song Contest i 2021 med låten «Voy a quedarme».

Bakgrunn Som åtteåring i 2000 deltok Cantó i Veo Veo, eit talentshow for barn på spansk tv. Fire år seinare deltok han i Eurojunior, den spanske uttakinga til Junior Eurovision Song Contest 2004 på Lillehammer i Noreg. Han kom til finalen med songen «Sentir», men tapte for María Isabel, som seinare òg vann den europeiske finalen på Lillehammer med songen «Antes muerta que sencilla».

I 2009 danna Cantó gutegruppa Auryn saman med Álvaro Gango, Carlos Marco, David Lafuente og Dani Fernández. I 2011 deltok bandet i Destino Eurovisión, den spanske uttakinga til Eurovision Song Contest 2011. I likskap med Eurojunior vart tevlinga arrangert av kringkastaren TVE. Auryn nådde topp tre i den spanske finalen, men tapte til slutt for Lucía Pérez.

Etter Destino Eurovisión vart Auryn populære, og gruppa slapp sin fyrste singel «Breathe in the Light» seinare same år. Debutalbumet Endless Road, 7058 vart utgjeve året etter, og både singelen og albumet nådde topp 10 på dei spanske singel- og albumlistene. Oppfølgjaralbumet Anti-Heroes kom i 2013 og gjekk rett inn på fyrsteplass på den spanske albumlista og selde seinare til platina. Det tredje albumet til bandet, Circus Avenue, kom like etter singelen «Puppeteer». Både albumet og singelen nådde fyrsteplass på dei spanske listene. Det fjerde albumet Ghost Town kom i desember 2015, men eit halvt år seinare tok bandet ein pause, og medlemmane konsentrerte seg i staden om soloprosjekt.

I 2016 deltok Cantó i femte sesong av tv-serien Tu cara me suena, basert på det amerikanske TV-konseptet Your Face Sounds Familiar. I programmet opptrer kjendisar sminka og omkledd som ein kjend eller ikonisk musikkartist. Sesongen hadde premiere på TV-kanalen Antena 3 i oktober 2016, med finalen 3. mars 2017. Med 55 prosent av røystene i telefonavrøystinga, vann Cantó tevlinga.

Cantó skreiv deretter platekontrakt med Warner Music Spain, og slapp sin fyrste solosingel «In Your Bed» på same dag som finalen i Tu Cara Me Suena. Han slapp sin fyrste spanskspråklege singel, «Él no soy yo», 9. mars 2018. Singelen selde til platina, og 14. september 201 slapp han sitt fyrste spanskspråklege album, Complicado som debuterte på toppen av den spanske albumlista.

5. oktober 2019 kunngjorde TVE at Cantó skulle representere Spania i Eurovision Song Contest 2020. Han skulle ha delteke med songen «Universo», men tevlinga vart avlyst på grunn av koronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020. I staden fekk Cantó representere Spania i 2021 med «Voy a quedarme». Songen fekk berre 6 poeng, alle frå juryavrøystinga, og vart nummer 24 av 26.

Referansar

Denne artikkelen bygger på «Blas Cantó» frå , den 1. desember 2021.

Kategori:Spanske songarar Kategori:Spanske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Spanske Eurovision Song Contest-låtskrivarar Kategori:Eurovision Song Contest 2020-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2020-låtskrivarar Kategori:Eurovision Song Contest 2021-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2021-låtskrivarar Kategori:Deltakarar i OGAE Second Chance Contest