Amandine Suzanne Monique Leynaud () er ein fransk handballspelar frå Aubenas i Frankrike. Ho er både verdsmeister, europameister og olympisk meister med det franske landslaget. Sidan 2018 er ho målvakt i den ungarske toppklubben Győri ETO.
Karriere Klubbspel Leynaud var Metz-spelar perioden 2004-12. Seks av dei åtte sesongane vart ho fransk meister. Ho gjorde deretter teneste i Oltchim Valcea, den rumenske toppklubben som i 2013 gjekk konkurs og vart oppløyst. Åra frå 2013 til -18 vart ho makedonsk meister med Vardar. Frå hausten 2018 vakta ho målet for Győri ETO, den ungarske toppklubben som våren 2019 gjekk til topps i EHF-meisterligaen.
Landslagsspel Leynaud var med i den franske meisterskapstroppen fyrste gongen ved Handball-VM 2007, og siste gongen Sommar-OL i 2021. Ho var med å vinne VM-gull i 2017, EM-gull i 2018 og OL-gull i 2021. Dessutan var ho med om å vinne to VM-sølv, OL-sølv i 2016, EM-sølv og EM-bronse.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Amandine Leynaud» frå , den 29. november 2021.
Kategori:Franske handballspelarar Kategori:Verdsmeistrar i handball Kategori:Olympiske medaljevinnarar i handball Kategori:Olympiske meistrar for Frankrike Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Frankrike Kategori:Franske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Handballspelarar under sommar-OL 2008 Kategori:Franske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Handballspelarar under sommar-OL 2012 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2016 Kategori:Franske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Handballspelarar under sommar-OL 2016 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2020 Kategori:Franske deltakarar under sommar-OL 2020 Kategori:Handballspelarar under sommar-OL 2020 Kategori:Æreslegionen