Marika Lejon () er ein norsk medievitar og artist.
Lejon er utdanna ved Universitetet i Oslo i medievitskap, der ho tok mastergrad hausten 2010. Ho er òg utdanna ved Norges idrettshøgskole, og i juni 2012 avslutta ho utdanning på NTNU i Gjøvik innan webproduksjon. Sidan 2007 har Lejon arbeidd som journalist og redaktør for fleire magasin og nettsider.
Bakgrunn som artist Lejon byrja å komponere musikk som seksåring. Før ho byrja å opptre på TV, deltok ho i blant anna NM i rock 2000 (finale på Rockefeller i Oslo, der ho vart kåra som beste vokalist) og By:larm 2002 (yngste deltakar).nrk.no – mgp
Lejon gav ut sin fyrste singel, To Milan, i 2004. Ho deltok i Kjempesjansen hausten 2006 med den eigenkomponerte songen «Again» og sigøynarvisa «Nane Tsocha». Lejon deltok i Melodi Grand Prix 2007 med songen «Perfect Sin», som var skriven av svenske Adam Alvermark. Deretter deltok ho i Norske Talenter på TV2. Lejon platedebuterte i 2009 med musikkalbumet My Fire. I 2015 gav Lejon ut sitt andre album "Before Death", med meir preg av elektronika-pop og rock.
I 2011 deltok Lejon for andre gong i Melodi Grand Prix med den eigenkomponerte låten «Hungry for You (Gipsy Dance)». Ifølgje ho sjølv vart låten til då ho skreiv masteroppgåva, og lengta etter dans og latter.- Jeg er skapt til å underholde, NRK.no.
Lejon deltok i programmet Charterfeber på TV3 i 2011.
Prisar 11. juni 2018 mottok Lejon Dixi-prisen, utdelt av barne- og likestillingsminister Linda Hofstad Helleland. Lejon mottok prisen på vegner av Kvinnefronten, der ho sit i styret. Ho er redaktør og prosjektleiar i prosjektet "Jeg er et mørketall". Dette er ei plattform der overgrepsuteatte kan dele sine historiar anonymt.
Referansar
Denne artikkelen bygger på «Marika Lejon» frå , den 26. november 2021.
Kategori:Norske songarar Kategori:Folk frå Stavanger Kategori:Melodi Grand Prix 2007-deltakarar Kategori:Melodi Grand Prix 2011-deltakarar Kategori:Melodi Grand Prix 2011-låtskrivarar