Olivia Wilde () er ein amerikansk skodespelar fødd i New York.

Karriere Wilde starta karrieren med å ta biroller i kjende filmar og TV-seriar, som The Girl Next Door, The O.C., Alpha Dog og The Death and Life of Bobby Z. LGjennombrotrolla som legen Thirteen i den populære og kritikarroste TV-serien House skaffa henne gradvis større filmrollar.

I 2010 fekk ho rolla som Quorra i TRON: Legacy, oppfølgjaren til klassikaren TRON frå 1982. Ho spelar her ei brikke på innsida av eit videospel. Jeff Bridges og Garrett Hedlund har dei andre hovudrollene. Ho er òg med i The Next Three Days med Russell Crowe og Elizabeth Banks, Cowboys & Aliens (2011) med Daniel Craig og Harrison Ford, The Change-Up med Ryan Reynolds og Jason Bateman og In Time med Justin Timberlake og Amanda Seyfried.

Wilde er rekna som ei av dei største og mest etterspurte unge stjerneskota i Hollywood og har ei rekkje høgprofilerte prosjekt. Dei mest kjende er kanskje actiondramaet Rush med Chris Hemsworth og Daniel Brühl i hovudrollene, og dessutan komedien The Incredible Burt Wonderstone med Steve Carell og Jim Carrey.

Anna Wilde var gift med dokumentarfilmskaparen Tao Ruspoli i åtte år (dei gifta seg då ho var 19 år gammal, og skilde seg i 2011).

Namnet hennar er eigentleg Olivia Jane Cockburn, men ho tok det profesjonelle namnet etter forfattaren Oscar Wilde, som ho beundrar og respekterer.

Ho er ein aktiv dyrevernsaktivist og vegetarianar, og vart kåra til årets mest sexy vegetarianar av dyrevernsorganisasjonen PETA i 2010.

Filmroller Meeting Magdalene (1995) .... Magdalene Skin (2003–04) .... Jewel Goldman (6 episoder) The Girl Next Door (2004) .... Kellie The O.C. (2004–05) .... Alex Kelly (13 episoder) Conversations with Other Women (2005) .... Bridesmaid Alpha Dog (2006) .... Angela Holden Camjackers (2006) .... Sista Strada Cast Bickford Shmeckler's Cool Ideas (2006) .... Sarah Witt Turistas (2006) .... Bea Let's Kill Bobby Z (2007) .... Elizabeth The Black Donnellys (2007) .... Jenny Reilly (14 episoder) Fix (2008) .... Bella Year One (2009) .... Princess Inanna The Ballad of G.I. Joe (2009) .... Baroness Weird: The Al Yankovic Story (2010) .... Madonna The Next Three Days (2010) .... Nicole TRON: Legacy (2010) .... Quorra Free Hugs (2011) .... Head Hooper On the Inside (2011) .... Mia Conlon Cowboys & Aliens (2011) .... Ella Swenson The Change-Up (2011) .... Sabrina McKay Butter (2011) .... Brooke Swinkowski In Time (2011) .... Rachel Salas Saturday Night Live (2011) .... Woman (1 episode) The Words (2012) .... Danielle Deadfall (2012) .... Liza House (2007–12) .... Dr. Remy 'Thirteen' Hadley (81 episoder) People Like Us (2012) .... Hannah The Longest Week (2012) .... Beatrice Black Dog, Red Dog (2012) .... Sunshine The Incredible Burt Wonderstone (2013) .... Jane Rush (2013) .... Suzy Miller Her (2013) .... Blind Date Drinking Buddies (2013) .... Kate Third Person (2013) .... Anna Better Living Through Chemistry (2014) .... Elizabeth Roberts The Longest Week (2014) .... Beatrice Fairbanks American Dad (2014) .... Denise (1 episode) BoJack Horseman (2014) .... Charlotte (2 episoder) Black Dog, Red Dog (2014) .... Sunshine The Lazarus Effect (2015) .... Zoe Portlandia (2015) .... Britt (3 episoder) Meadowland (2015) .... Sarah Doll & Em (2015) .... Olivia (4 episoder) Love the Coopers (2015) Booksmart (2019) - regi

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Olivia Wilde» frå , den 25. november 2021.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Folk frå New York City Kategori:Folk frå Washington, D.C. Kategori:USA-amerikanske skodespelarar