Nadia Hasnaoui () er ein norsk programleiar som har leia program både på TV 2 og NRK.

Bakgrunn Hasnaoui er fødd i Marokko med norsk mor og marokkansk far. Ho flytta til Noreg då ho var fire, og foreldra skilde seg. Hasnaoui hadde marokkansk pass til ho var 18.

Hasnaoui og mora budde på Ris i Oslo frå 1967, hjå morfaren hennar, sosialøkonomen Ragnar Frisch. Ho gjekk i fransk barnehage og var elev på ein fransk skule frem til fjerde klasse.

Dansar Hasnaoui gjekk på ballettskolen til Torild Roswihta Frostad, ein pioner i jazzdans. Ho hadde fleire engasjement som dansar i 1980-åra, blant anna ved Den Nationale Scene. Som dansar medverka ho òg i TV, blant anna i NRK sitt barneprogram Rubbel og Bit – en musikal på badet, som vart send i romjula 1988. Ho hadde ei mindre rolle i ungdomsserien Fellesrommet i 1985.

Programleiar

Hasnaoui starta programleiarkarrieren sin i NRK i 1991, som programleiar for barneserien Myggen. I 1993 byrja ho i TV 2, og i løpet av åra i TV 2 leia ho fleire ulike program. Blant anna reiste ho verda rundt på jakt etter nordmenn som lever det gode liv i programmet Jakten på det gode liv. Ho vert nok hugsa best for å ha leia Jakten på det gode liv, God morgen, Norge! og Hasnaoui. I 2004 gjekk ho over til NRK der hennar fyrste oppdrag var å vere programleiar for Melodi Grand Prix junior 2004 saman med Stian Barsnes-Simonsen. Duoen var òg programleiarar for Junior Eurovision Song Contest 2004 på Lillehammer.

Frå 2006 var Hasnaoui programleiar for det populære TV-programmet Kvitt eller dobbelt på NRK. Vinteren 2007 var ho i tillegg programleiar for serien Topp 10 saman med Claus Wiese.

I mai 2010 leia Hasnaoui semifinalane og finalen i den internasjonale songtevlinga Eurovision Song Contest 2010 i Telenor Arena saman med Erik Solbakken og Haddy Njie. Sommaren 2010 skulle ho dela programleiarjobben for Sommeråpent med Siv Helberg og Pål Thoresen, men vart bytta ut med Hilde Hummelvoll. Sommaren 2011 delte ho programleiarjobben for Sommeråpent med Anne Lindmo og Hilde Hummelvoll, og sommaren 2012 delte ho same jobb med Ingrid Gjessing Linhave. Sidan har ho fleire gonger leia Sommeråpent, inklusive 2016-sesongen.

Hasnaoui har fleire gonger portrettert Kong Harald og dronning Sonja.

Privatliv Hasnaoui er gift med skodespelaren Kim Haugen (sidan 1991). Dei har tre barn.

TV-program TV-program Hasnaoui har vore programleiar for:

2015: Norges smarteste (NRK) 2014: The Hit (NRK) (vikarierte for Marte Stokstad i program nummer to)NRK 12. september 2014, Stokstad må melde avbud fra The Hit. Besøkt 13. september 2014. 2014: Sommeråpent (NRK) 2013: Sommeråpent (NRK) 2012: Sommeråpent (NRK) 2012: Litt av et liv (NRK) 2011: Sommeråpent 2010: Eurovision Song Contest 2010 (NRK) 2009/2010: Kvitt eller dobbelt (for både barn og vaksne) (NRK) 2008: Kvitt eller dobbelt (for både barn og vaksne) (NRK) 2007: MGP Nordic 2007 (NRK) 2007: Topp 10 (NRK) 2007: Kvitt eller dobbelt (for barn) (NRK) 2006: Kvitt eller dobbelt (for barn) (NRK) 2006: Fakta på lørdag (kommentator i dokumentaren «Homogenerasjonen») (NRK) 2004: Junior Eurovision Song Contest 2004 (NRK) 2004–2005: Frokost-TV (NRK) 2004–2006: Melodi Grand Prix junior (NRK) 2003: Hasnaoui (TV 2) 1999: Jakten på det gode liv (TV 2) 1995: God morgen, Norge! (TV 2) 1993: God ettermiddag, Norge! (TV 2) 1991–1993: Myggen (barne-TV) (NRK) 1985: Fellesrommet (NRK)

Bøker Ta deg tid: kokebok for aktive familier (2003) Sunn og god hverdagsmat for travle familier (2007)

Prisar og utmerkingar

2010: Riksmålsforbundets fjernsynspris for «fremragende bruk av riksmålet».

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Nadia Hasnaoui» frå , den 23. november 2021.

Kategori:Nordmenn av marokkansk opphav Kategori:Eurovision Song Contest-programleiarar Kategori:Junior Eurovision Song Contest-programleiarar Kategori:Melodi Grand Prix Junior-programleiarar Kategori:Programleiarar for TV2 Kategori:Programleiarar for NRK