Signe Lund, òg omtalt som Signe Lund-Skabo, () var ein norsk pianist og komponist.Artistside, frå Norsk Musikkinformasjon Ho er kjend frå rundt seksti opus-nummer og spesielt stykka Legende som ho skreiv under eit opphald i Tyskland, og Fredsklokker som ho skreiv i New York City 1918.
Liv og arbeid Signe Lund var av Lund-familien i Farsund, dotter av Bergens-komponisten Birgit Lund (1843–1913) og syster til malaren Henrik Lund (1879–1935). Talentet hennar vart lagd merke til av familievenen Edvard Grieg og Johan Svendsen som rådde til utdanning, nok ho fekk under Iver Holtar, Erika Nissen, Per Winge og W. Berger, og ved Musikkonservatoriet i Oslo (1896).
Ho var gift med legen Jørgen Skabo og seinare med den franske arkitekten George Robard. Signe Lund var busett i New York frå 1902 til 1918 der ho var aktiv i det amerikanske sosialistiske partiet Non-partisan LeagueRobert L. Morlan, Political Prairie Fire: The Nonpartisan League (s. 15) «the ardent Socialist, Mrs Signe Lund» og dessutan aktiv innanfor kvinnerørsla. Ho var ein kjenning av Fridtjof Nansen og vart tildelt Nansenpass i 1919.Konsertforedrag om Signe Lund
Ho møtte Sergej Rakhmaninov og kom godt overeins med han. Dei to sønene hennar kjempa på amerikansk side i den fyrste verdskrigen. Då kyrkjeklokkene i New York tok til å kima i november 1918 for å markera fredsavtala, sette ho seg ned og spelte med. Slik vart klaverstykket Fredsklokker til. Kjetil Kopren Ullebø: «Han har spilt inn verk av komponisten Norge skulle glemme», Bergens Tidende 1. juli 2020
Lund mottok Kongens fortenestemedalje i gull for bidraget sitt til styrking av tilhøvet USA-Noreg. Ho var på reise i Wien då ho fekk tilbode «Lundhuset» i Loshavn til ein overkommeleg pris, og budde der i periodar frå 1929 saman med hushaldaren Kirsten Heggen.Verdensvant kvinne
mini|Signe Lund sin sjølvbiografi Sol gjennem skyer utgitt i 1944.Søkbar utgave av Sol gjennem skyer i bokhylla.no Under andre verdskrigen var ho aktiv medlem av Nasjonal Samling, og opplaget skal ha vorte makulert etter krigen. Portretteikningen er utført av broren Henrik Lund i 1908.
Ho var medlem av Nasjonal Samling frå 1935 til 1945 og mottok kunstnarløn 1942–45, og skreiv komposisjonen Føraren kallar i 1943.Spilt på Troldhaugen, Bergensavisen 4. november 2015 Etter krigen vart ho frådømt røysteretten for ein periode og ekskludert frå Norsk Komponistsamskipnad som ho sjølv hadde vore med å starta opp.
I 60-årsalderen drog ho til Wien for å læra seg tolvtoneteknikken. Kjetil Kopren Ullebø: «Han har spilt inn verk av komponisten Norge skulle glemme», Bergens Tidende 1. juli 2020
Etter krigen budde ho på ein gard i Krødsherad i nokre år il ho døyde i Oslo i 1950.Magasinet s. 16, vedlegg til Dagbladet 23. april 2016
Ettermæle Hennar sjølvbiografi Sol gjennem skyer, livserindringer kom ut i 1944, men opplaget vart makulert 1945.Søkbar utgave av Sol gjennem skyer i bokhylla.noMagasinet s. 16, vedlegg til Dagbladet 23. april 2016 I andre bind, som kom ut att i 2013, forklarar Lund sjølv at ho fekk løyve til å gje ut Sol Gjennem Skyer II på eige forlag. For henne representerte den tyske okkupasjonsmakta ein heider av ein kunstnarskap ho alltid hadde kjempa for. Det var først under krigen ho vart tilstådd kunstnarløn.Spilt på Troldhaugen, Bergensavisen 4. november 2015
Ein biografi om livet hennar var Signe Lund – menneske og musiker av Birgit Eika (hovedfagsoppgave, Universitetet i Oslo, 1983).
Utgjevinga Arietta av Kjell Bækkelund (1994) inneheld hennar Skumring. I 1936 oppførte Oslo-filharmonien med Olav Kielland som dirigent verket hennar Hvem er du med de tusinde navne, for kor, solist og orkester (tekst Bjørnstjerne Bjørnson), og til 60-årsdagen hennar i 1928 gav det same orkesteret, dirigert av Hugo Kramm, ein konsert i Universitetets aula med hennar verk. I 2010 vart Lund-dagane skipa i Farsund. Sopranen Birgitte Ekle (Trondheim) og pianisten Atsko Kogure (Wien) gav ein konsert med songar av komponisten; seinare spelte dei inn ein CD med tittelen 14 sanger av Signe Lund.
Pianisten Rune Alver har spelt inn 22 klaverstykke av Signe Lund. At det har vore taust om henne, er direkte knytt til æresoppgjøret etter krigen, for ho var mykje spelt i tiåra før. Edvard Grieg hadde sagt: «Dette må være medfødt.»
Bibliografi
Også vi når det blir krevet …, propagandaskrift, medvirkende (Blix forlag, 1942). Sol gjennem skyer, livserindringer (Gyldendal, 1944). Sol gjennem skyer, livserindringer, Bind I og II, , 2012.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Signe Lund» frå , den 20. november 2021.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Medlemmar av Nasjonal Samling Kategori:Nordmenn frå andre verdskrigen Kategori:Norske forfattarar av erindringsbøker Kategori:Kongens fortenestmedalje i gull Kategori:Norske komponistar Kategori:Norske klassiske pianistar Kategori:Folk frå Bergen