Hilde Diesen () er ein norsk biletkunstnar, illustratør og forfattar.

Ho har utdanning innan teikning og måleri frå Fachhochschule für Design i Münster i Tyskland. Diesen debuterte på Haustutstillinga i 1979. Ho har halde fleire separatutstillinger i Noreg og i Tyskland og delteke på ei rekkje kollektive utstillingar. I 2000 gav ho ut ein biografi om Hanna Winsnes. I bøkene Utrolige Drammen, Kjære Lillehammer, Dikterhus og Hytteskogen har ho markert seg med sine karakteristiske husteikningar utført i tusj og akvarell. Diesen er busett i Drammen, og er medlem av Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening, Buskerud Bildende Kunstnarar og Tegnerforbundet.

Hilde Diesen var litteraturvekekunstnar under Litteraturuka i Drammen i 2009.

Bibliografi

Præstegården på landet, noveller av Hanna Winsnes, redigering og illustrasjon, 1989 Kvinnelig Dannelse, anno 1830,redigering og illustrasjon, 1990 Kjære Lillehammer, illustrasjon, 1991 Utrolige Drammen, 1991 Dikterhus, 1994 Hanna Winsnes. Dagsverk og nattetanker, 2000 Man tager Hanna Winsnes’ kokebok, 2005 Hytteskogen, 2009 Revolusjonens datter. Jakten på Elisabeth Sverdrups historie, 2016 Talegaven : Fra Ragnhild Til Helen Keller. Cappelen Damm, 2021

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Hilde Diesen» frå , den 13. november 2021.

Kategori:Kunstnarar frå Oslo Kategori:Forfattarar frå Oslo Kategori:Norske illustratørar