Dorothea Kristine Blom () var ein norsk forfattar.

Familie Dorothea Blom var fødd i Horten. Ho var dotter av kommandørkaptein Hans Andreas Blom (av slekta Blom frå Skien) og Julie Sofie Ohlsen.

Liv og virke Dorothea Blom vart uteksaminert frå Horten middelskole i 1890. Ho gjekk deretter ved to lærarinneskular og arbeidde ein kort periode som lærar, før ho i 1897 kom inn på Katedralskolen i Kristiansand. Der tok ho Examen Artium i 1899. Ho innleidde studium i Kristiania i 1899. Ho studerte i to år og fullførte annaneksamen, før ho var ei tid ved det kjemiske laboratoriet. Deretter flytta ho attende til Kristiansand.

I 1921 gav Blom ut si fyrste bok, Soga aat den unge presten. Seinare gav ho ut ei rekkje hefte med tolkingar av Edda. Sannsynlegvis er det òg ho som stod bak pseudonymet Irelar, som gav ut Jehova Elohims søner i 1940. Ho skreiv både på riksmål og nynorsk.

Blom var sympatisk innstilt overfor politikken til Vidkun Quisling i ein periode. I løpet av krigen utvikla ho seg i ei meir kommunistisk retning, utan at ho dermed var tilhengar av ei sterk tilknyting til Austblokka.

Bibliografi

På norsk

1921: Soga aat den unge presten 1934: Behandlingen av våre døde – er den betryggende? – med hensyn til skindød 1935: Svipdagmål: et oldnorsk kvede 1935: Um landsnamnet vårt sitt upphav og si tyding: Sverrige og Danmark sine namn 1936: Tyding av Habardljod 1937: Grimnismål: et eddakvede 1939: Tåke-hvirvlingen som nøklen eller lykelen til 'Edda's og hedenskapets verdensanskuelse 1940: Irelar: Jehova Elohims sønner 1956: Grunntankane i Edda-kvedene som panteistisk emansipasjonsfilosofi

Omsett til engelsk

1946: The whirling og the mist as the fundamental principle of Paganism

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Dorothea Blom» frå , den 11. november 2021.

Litteratur

Bakgrunnsstoff

Kategori:Folk frå Horten Kategori:Nynorskforfattarar Kategori:Norske forfattarar Kategori:Forfattarar frå 1900-talet