mini|Jessica Alba i London, under premieren av Fantastic Four i 2007 Jessica Marie Alba () er ein amerikansk skodespelar. Ho er kjend for rollene sine i TV-serien Dark Angel og filmane Honey, Sin City og Fantastic Four.
Biografi
Tidleg liv Alba vart fødd i Pomona i California som dotter av mexicansk-amerikanske Mark Alba og amerikanske Cathy Jensen. Alba voks opp på ein militærbase med dei katolske foreldra sine, broren Joshua og besteforeldra sine fram til ho var 16 år gammal.Om Alba på msnbc.msn.com Ho voks opp som idrettsfanatikar. Karrieren til far hennar innan luftforsvaret førte familien til Biloxi i Mississippi og til Del Rio i Texas, før dei kom attende til California då ho var ni år gammal.
Alba uttrykte ei interesse for skodespel allereie frå femårsaldereren. Ho tok det første skodespelarkurset sitt då ho var tolv, og fekk kontrakt med ein skodespelaragent ni månader seinare.
Karriere Alba spelte fyrste gongen i ein film var med ei lita rolle i filmen Camp Nowhere, som Gail. Ho vart opphavleg leigd inn for to veker, men rolla hennar viste seg snart å vera to månaders arbeid då ein av dei meir prominente skodespelarane slutta, og Alba vart plukka ut til å erstatta henne på grunn av at dei to hadde lik hårfarge. Den unge Alba opptredde seinare i to nasjonale TV-reklamar for Nintendo og J. C. Penney, og seinare hadde ho roller i fleire uavhengige filmar. Ho byrja med TV-arbeid i 1994, då ho fekk ei tilbakevendande rolle som den unge snobben Jessica i tre episodar av Nickelodeon-serien The Secret World of Alex Mack. Sidan fekk ho rolla som Maya i dei to første sesongane i TV-serien om Flipper. I 1995 hadde ho ei rolle i filmen Venus Rising, som unge Eva.
Etter at Alba gjekk ut av high school i ein alder av 16, byrja ho å studera skodespel med William H. Macy og kona hans, Felicity Huffman, på Atlantic Theater Company.
II 1998 opptredde Alba som Melissa Hauer i ein episode av Steven Bochcos kriminaldramaserie Brooklyn South, som Leanne i to episodar av Beverly Hills 90210, og som Layla i ein episode av The Love Boat: The Next Wave. I 1999 opptredde ho i ein episode av komiserien P.U.N.K.S.
Alba fekk større hollywoodroller frå 1999, etter at ho opptredde som ein medlem av ein snobbete high school-gjeng i Drew Barrymore sin romantiske komedie Ukysset, og hadde den kvinnelege hovudrolla i komediegrøssaren Idle Hands same år. Det store gjennombrotet hennar kom då ho var stjerna i science-fiction-serien Dark Angel, der manusforfattaren og regissøren James Cameron plukka henne ut blant 1200 kandidatar til rolla som den genetisk modifiserte supersoldaten Max Guevera. Serien gjekk i to sesongar før han vart kansellert i 2002. Etter dette har dei mest oppsiktsvekkande rollene hennar vore som dansar/koreograf i Honey frå 2003, den eksotiske dansaren Nancy Callahan i Sin City, i samspel med Bruce Willis frå 2005, og dessutan som Sue Storm, den usynlege dama, i Fantastic Four frå 2005
8. juni 2006 var ho vertinne for MTV Movie Awards.
Personleg liv Alba lei under anoreksi og ein nyreinfeksjon i 2001. Ho var trulova med medspelaren sin i Dark Angel, Michael Weatherly, men dei gjorde det slutt før dei gifta seg. I januar 2005 byrja ho å gå ut med Cash Warren, ein av assistentane til regissøren under innspelinga av Fantastic Four, og som ho byrja å gå med ut då ho spelte inn filmen. Jessica og Cash vart den 7. juni 2008 foreldre til ei dotter, Honor Marie Warren. Dei har òg fått dottera Haven Garner Warren, fødd i 2011, og sonen Hayes Alba Warren, fødd 31. desember 2017.Dagbladet.no - Jessica Alba ble mamma for tredje gang, besøkt 2. januar 2018.
Anna
Alba vart nominert til «verste kvinnelege skodespelar» for både Fantastic Four og Into the Blue til den 26. Razzie-utdelingen i 2005Nominasjoner til den 26. Razzie-utdelingen på razzies.com På E!'s «101 Sexiest Bodies» kom Alba på tredjeplass, etter Brad Pitt på andre, og Angelina Jolie som vann. Fotoet til Alba vart brukt i videospelet Need for Speed: Most Wanted. Bror hennar Joshua opptredde saman med henne i «And Jesus Brought a Casserole», den siste episoden i den første sesongen av Dark Angel, der han spelte Krit, ein av X-5-brørne hennar som ynskte å hjelpa ho å øydeleggja Manticore. Etter Dark Angel farga Alba håret blondt til rolla som Sue Storm i filmen Fantastic Four, ein utsjånad ho har halde på sidan. Ho har ei tatovering av ein tusenfryd med ei marihøne i nakken, ei tatovering av ein sommarfugl like over korsryggen, og dessutan eit sanskritsymbol for «padma» på handleddet Ifølgje eit intervju med Rolling Stone, er måla hennar 34-25-34Albas biografi på IMDb Playboy har nemnd Alba som ein av dei 25 mest sexy kjendisane, og årets sex-stjerne i mars 2006-utgåva si, eit blad der ho pryda framsida. Alba vart involvert i ei rettssak mot Playboy på grunn av at dei brukte bileta (som var promo-bilete frå filmen Into the Blue) utan hennar samtykke. Ho gav etterkvart opp rettssaka etter at ho mottok ei personleg orsaking frå Playboy-eigaren Hugh Hefner, som òg sa seg villig til å donera pengar til to gode formål som Alba støttar. Ho har vore med i musikkvideoen I just had sex av The Lonely Island og Akon.
Filmografi Filmar
År Tittel Rolle Merknad 1994 Camp Nowhere Gail Film debut 1995 Venus Rising Young Eve1999 P.U.N.K.S. Samantha Swoboda Never Been Kissed Kirsten Liosis Idle Hands Molly 2000 Paranoid Chloe2003 The Sleeping Dictionary Selima Honey Honey Daniels2005 Sin City Nancy Callahan Fantastic Four Sue Storm / Invisible Woman Into the Blue Sam2007 The Ten Liz Anne Blazer Knocked Up Herself Uncredited cameo Fantastic Four: Rise of the Silver Surfer Sue Storm / Invisible Woman Good Luck Chuck Cam Wexler Meet Bill Lucy Awake Sam Lockwood2008 The Eye Sydney Wells The Love Guru Jane Bullard2010 The Killer Inside Me Joyce Lakeland Valentine's Day Morley ClarksonMachete Special Agent Sartana Rivera Marissa Rivera Deleted scene An Invisible Sign Mona Gray Little Fockers Andi Garcia 2011 Spy Kids: All the Time in the World Marissa Wilson 2012 Martin Scorsese Eats a Cookie Seg sjølv2013 A.C.O.D. Michelle Escape from Planet Earth Lena (røyst) Machete Kills Sartana Cameo2014 Sin City: A Dame to Kill For Nancy Callahan Stretch Charlie Some Kind of Beautiful Kate2015 Barely Lethal Victoria Knox Entourage Seg sjølv Cameo2016 The Veil Maggie Price Dear Eleanor Daisy Mechanic: Resurrection Gina 2017El Camino Christmas Beth Flowers 2019 Killers Anonymous Jade 2022Trigger Warning TBA
Fjernsyn
År Tittel Rolle Merknad 1994 The Secret World of Alex Mack Jessica 3 episodar 1995–1997 Flipper Maya Graham Fast rolle1996 ABC Afterschool Special Christy Episoden Too Soon for Jeff Chicago Hope Florie Hernandez Episoden Sexual Perversity in Chicago Hope1998 Brooklyn South Melissa Hauer Episoden Exposing Johnson Beverly Hills, 90210 Leanne 2 episodar Love Boat: The Next Wave Layla Episoden Remember? 2000–2002 Dark Angel Max Guevara / X5-452 Hovudrolle (42 episodar) 2003 MADtv Jessica Simpson Episode #9.5 2004 EntourageSeg sjølv Episoden The Review 2005 Trippin' 2 episodes 2009 The Office Sophie Episoden Stress Relief 2010 Project Runway Seg sjølv (gjestedommar) Episoden Sew Much Pressure 2013 Comedy Bang! Bang! Herself Episoden Jessica Alba Wears a Jacket with Patent Leather Pumps 2014 The Spoils of Babylon Dixie Mellonworth 4 episodar 2015 RuPaul's Drag Race Seg sjølv (gjestedommar) Episoden Spoof! (There It Is) 2017 Planet of the AppsSeg sjølv Mentor 2018 No Activity Episoden The Actress 2019–2020 L.A.'s Finest Nancy McKenna Hovudrolle
Musikkvideoar År Tittel Artist(ar) Rolle 2008 We Are the Ones will.i.am Herself 2010 I Just Had Sex The Lonely Island Jorma Taccone's love interest 2015 Bad Blood Taylor Swift featuring Kendrick Lamar Domino
Dataspel År Tittel Rolle Merknad 2002 Dark Angel Max Guevara Based on the TV series of the same name 2005 Fantastic Four Sue Storm / Invisible Woman Based on the film of the same name
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Jessica Alba» frå , den 11. november 2021.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Skodespelarar frå 1900-talet Kategori:Skodespelarar frå 2000-talet Kategori:USA-amerikanske skodespelarar frå 1900-talet Kategori:USA-amerikanske skodespelarar frå 2000-talet