Stiftelsen var ei norsk visegruppe som var verksam i tidsromma 1972–75 og 1979–82. Gruppa gjekk først under namnet Loelvens Stiftelse. Mellom dei første medlemmene av gruppa var den seinare leksikonredaktøren Petter Henriksen, og i andre fasen til gruppa var Kari Bremnes medlem. Andre medlemmer var Hans M. Borchrevink, Magnus Freberg og Hanne Kristensen.

Stiftelsen gav ut to plater: Kva hjelp det å syngje (Spellemannprisen 1974 i klassa Årets gruppe) og Stiftelsens fristelser (1981). Gruppa deltok i norsk Melodi Grand Prix 1982. I 1972 deltok gruppa på Lørdagskveld med Erik Bye på NRK.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Stiftelsen» frå , den 7. november 2021.

Bakgrunnsstoff mic.no omtale fra Norsk pop- og rockleksikon

Kategori:Norske visegrupper Kategori:Vinnarar av Spellemannprisen