Agnodice eller Agnodike er ei legendarisk kvinne omtalt som den fyrste kvinnelege legen, gynekologen og jordmora i Aten i antikken.
Agnodike er omtalt av den romerske forfattaren Gaius Julius Hyginus i Fabulae. Ifølgje Hyginus forkledde ho seg i mannsklede slik at ho kunne høyra på forelesingar av Herophilos som hovudsakleg var vigde til studiet av jordmorutdanning og gynekologi. I Athen var det forbode for kvinner eller slavar å studera medisin. Då ho var ferdig opplært prøvde Agnodike å hjelpa kvinner under barsel, men mange av dei ville ikkje ha hjelp av ein mannleg medisinar. Ved eit høve viste derfor Agnodike at ho sjølv var kvinne, og fekk så behandla kvinna. Andre legar blei sjalu på den suksessrike Agnodike, og skulda henne for å forføra pasientane sine. Då ho blei stilt for retten (Areopagos, dei eldres råd, tilsvarande det romerske senatet) løfta ho på kleda for å visa at ho var kvinne. Då blei ho skulda for å ha brote loven mot at kvinner kunne praktisera medisin, men blei støtta av konene til framståande atenarar som ho hadde behandla. Som følgje av hendinga blei loven som forbaud kvinner å praktisera medisin avskaffa.
Moderne forskarar tviler gjerne på at Agnodike var ein historisk person. Problem med soga er mellom anna spørsmål om datering og Hyginus sin usannsynlege påstand om at det ikkje fanst obstetrices eller kvinnelege jordmødrer i Aten før Agnodike, der litterære og epigrafiske prov viser at slike var kjende. Hyginus hevda at Agnodike lærte medisin av «ein viss Herophilus», som vanlegvis blir identifisert som Herophilos av Khalkedon, ein lege som var kjend for arbeidet sitt innnan gynekologi og som blei tillagt oppdaginga av eggstokkane. Om dette er tilfellet ville Agnodike ha levd seint på 300-talet eller tidleg på 200-talet f.Kr.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Agnodice» frå , den 3. november 2021.
Denne artikkelen bygger på «Agnodice» frå , den 21. november 2021. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Kvinnelege vitskapsfolk frå antikken