Vincent Jean Mpoy Kompany () er ein belgisk tidlegare fotballspelar frå Uccle. Han er særleg kjend for sine 11 sesongar som midtstoppar i Manchester City. Perioden 2004-19 spelte han 81 landskampar for Belgia, vann VM-bronse med landslaget i 2018.
Klubbspel Kompany skreiv kontrakt med RSC Anderlecht som 17-åring og slo seg omgåande til fast plass i den belgiske toppklubben. Han fekk med seg to triumfar i serien, før han sommaren 2006 vart overført til tyske Hamburger SV mot 10 millionar euro. Opphaldet i Tyskland vart eit mellomspel. Den 22. august 2008 skreiv han kontrakt med engelske Manchester City. Gjennom elleve sesongar i England bidrog Kompany til at den rike fotballkubben sanka fire ligatitlar, sigra to gongar i FA-cupen og ved fire høve i den engelske ligacupen. Våren 2019 vart reina triumfferda då laget hans henta heim trofeet i så vel ligacupen, som FA-cupen og i ligaen. I mai 2019 spelte han sin siste klubbkamp.
Landslagsspel Kompany fekk sin landslagsdebut 18. februar 2004. Eit halvt år seinare var han på plass då Noreg og Belgia spelt uavgjort 2–2 i ein venskapskamp på Ullevål stadion i Oslo. Han deltok i Sommar-OL 2008 i Beijing, men vart beordra tilbake til Hamburg etter dei innleiande kampane. I sin fyrste av 38 kampar som lagkaptein, heime mot Bulgaria 19. mai 2010, skåra Kompany sitt fyrste av 4 landslagsmål og vart matchvinnar då Belgia snudde til frå 0–1 til 2–1 i sluttminutta. Under VM i fotball 2014 spelte han fire av Belgias fem kampar. Ein lyskeskade gjorde at han vart uaktuell til Fotball-EM 2016. I VM 2018 kom han inn som innbytar i den siste gruppespelkampen. Sidan var han fast på laget til England vart slått 2–0 i bronsefinalen. I juni 2019 deltok han i to EM-kvalifiseringskampar før han la skoa på hylla.
Merittar Bronsemedalje i VM i fotball 2018 Belgisk seriemeister: 2004 og 2006 for RSC Anderlecht Engelsk ligameister: 2012, 2014, 2018 og 2019 for Manchester City Vinnar av FA-cupen: 2011 og 2019 for Manchester City Vinnar av den engelsk ligacupen: 2014, 2016, 2018 og 2019 for Manchester City
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Vincent Kompany» frå , den 14. april 2022.
eu-football
Kategori:Belgiske fotballspelarar Kategori:Manchester City-spelarar Kategori:Anderlecht-spelarar Kategori:Hamburg-spelarar Kategori:Belgiske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Fotballspelarar under sommar-OL 2008 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2014 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2018