Alexandra Haugland Beverfjord () er ein norsk redaktør, journalist og forfattar. Ho vart ansvarleg redaktør og administrerande direktør i Dagbladet i april 2018.
Journalisme Beverfjord starta journalistkarrieren i Adresseavisa i Trondheim der ho jobba meir eller mindre samanhengande frå 1996 til 2001. I 2001 vart ho tilsett i Dagbladet. Beverfjord er utdanna innan sosialantropologi, med mastergrad frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet i 2002 på ei oppgåve om rehabilitering av unge rusmisbrukarar.Alexandra Beverfjord: En underverden : unge rusmisbrukere i rehabilitering Hovedoppgave i sosialantropologi – Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet, 2002 Ho vart utgåvesjef for Dagbladet Magasinet i 2005, og var nyheitsredaktør i Dagbladet 2010 til 2013.
1. oktober 2013 vart ho reportasjeredaktør i NRK Nyheiter, og var ein av fire redaktørar som leia nyheitsdivisjonen i rikskringkastinga. I oktober 2015 overtok ho som nyheitsdirektør i NRK Nyheiter etter Per Arne Kalbakk.
Forfattar Alexandra Beverfjord er forfattar ved sida av journalist- og redaktørgjerninga. Ho debuterte med romanen Kretsen, der handlinga var lagt til eit journalistmiljø i hovudstaden. I 2011 vart ho tildelt «Maurits Hansen-prisen - Nytt Blod» for debutromanen.
Bibliografi
Det bor et barn i mitt hjerte (2009) Med Atle Dyregrov og Aida Løver. ISBN 978-82-05-38471-2 Kretsen (2010) ISBN 978-82-05-40105-1 Kronprinsen (2012) ISBN 978-82-05-43011-2
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Alexandra Beverfjord» frå , den 30. oktober 2021.
Bakgrunnsstoff
Intervju med Alexandra Beverfjord
Kategori:Folk frå Trondheim Kategori:Redaktørar for Dagbladet Kategori:Journalistar i Dagbladet Kategori:Norske forfattarar