mini|Modist Gjertrud Ingard med modell. Foto av Rigmor Dahl Delphin/Oslo Museum

Gjertrud Bjørnstad Ingard () var ein norsk modist som laga damehattar. Ho hadde stor suksess nasjonalt. Fleire av damehattane frå hennar bedrift Gjertrud Bjørnstad AS er i samlinga til Nasjonalmuseet.

Biografi Gjertrud blei født 29. august 1892 i Asker. Ho var dotter av Maren Sumatra Øvergaard og mannen Bjørnstad, som var bokhaldar. Ho var den tredjefødte i ein søskenflokk på 5. Gjertrud gifta seg med agent Harry Ingard, og fekk dottera Drude i 1921.

Gjertrud hadde i utgangspunktet ikke tenkt å bli modist, men ville heller bli maler. Men då gudfaren hennes var modist, endte ho opp med å velja det same yrket. I boka Hvad skal våre døtre bli?: en rekke orienteringer skriv Gjertrud at for å bli ein uavhengig modist som lager hattepynt, treng ein å bruka 5-6 år, der ein bygger seg opp fra uerfaren syerske på systua til en selvstendig modist som designe og skape damehattar. Gertrud tok den fyrste utdanninga si i Tyskland, og vidare utdanning i Danmark. Ho fekk også eit reisestipend for å dra til Frankrike, men fyrste verdskrig forhindra ho i å reisa.

I 1917 etablerte ho Gjertrud Bjørnstad AS, med lokale i Drammensveien 4. Ho hadde både ein moteforretning og hattefabrikk. I 1920 flytta butikken til Tordenskioldsgt. 6. Butikken blei etter kvart til ein av dei største og leiande butikkane i Oslo innan damehattar. I 1938 hadde atelieret og systua 15 tilsette. Kronprinsesse Märtha var blant kundane. Parisermoten var butikkens spesialitet, og Gjertrud pleidde å ta årlege reiser til Paris, for å halde seg oppdatert på på nyaste mote. Butikken blei avvikla 30. mai 1963.

Sju av damehattane frå Gjertrud Bjørnstad AS er stilt ut på Nasjonalmuseet

Kjelder

Kategori:Norske modistar

Kategori:Norske forretningsfolk