Vasilisa Kozjina ()Шикман А. П. Деятели отечественной истории. Биографический справочник. Москва, 1997 г. var ein russisk geriljaleiar under den franske invasjonen av Russland i 1812 under Napoleonskrigane. Ho leia lokal motstand mot den franske Grande Armée.
Liv Vasilisa var av russisk bondeætt. Ho var gift med Gorsjkov, ein starosta eller landsbyleiar i Sytsjovskij ujezd i Smolensk guvernement. Under den franske invasjonen av Russland organiserte Vasilisa Kozjina ei partisangruppe av ungdommar og kvinner som var væpna med ljåar, høygaflar, økser, bjørnespyd og liknande. Under den franske tilbaketrekkinga frå Moskva gjekk gruppa hennar til åtak på franske soldatar, tok dei til fange og overleverte dei til det russiske militæret.
For arbeidet sitt blei Vasilisa Kozjina gjeven ein medalje og ein pengesum. I 1813 måla kunstnaren Aleksandr Smirnov det einaste portrettet av henne som finst.
Ettermæle mini|Sovjetisk frimerke frå 1962 Lev Tolstoj nemner motet til Vasilisa Kozjina i Krig og fred.
Fleire stader er kalla opp etter henne: Vasilisa Kozjina-gata i Sytsjovka Vasilisa Kozjina-gata i Moskva Stasjonen Vasilisino i Gagarinskij distrikt i Smolensk oblast Ein landsby i Tver oblast
I 1962 blei det gjeve ut eit sovjetisk frimerke til ære for «partisanen Vasilisa Kozjina».
I 2012, i samband med 200-årsjubileet for dne patriotiske krigen i 1812 gav Russian World Studios ei kontrakt til den russiske regissøren Dmitrij Meskhijev om å laga ein serie i fire delar om Kozjina.Сергей Сиротин. Василиса Кожина – амазонка 1812 года. РГРК «Голос России». 9.12.2010Russia, France to co-produce 'Vasilisa Kozhina' Denne blei fyrst fullført av Anton Sivers i 2014 som ein tv-sereie og film kalla Vasalisa. Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Vasilisa Kozhina» frå , den 23. oktober 2021.
Kategori:Russarar i Napoleonskrigane Kategori:Russarar frå 1800-talet