Garmon (), ofte kalla garmosjka, frå garmonika (), som tyder 'harmonikа'), er ein type russisk knappetrekkspel. Det har to knapperader på høgre sider som gjev noter på ein diatonisk skala], og minst to rader på venstre side som speler hovudakkordane i tonearten til instrumentet og dei harmoniske molltonane til parallelltoneartane hans. Mange instrument har fleire knappar på høgresida med nyttige halvnoter, tilleggsakkordar på venstresida i tilknytte toneartar, og ei rekkje frie bassknappar som gjer det lettar å spela bass til melodiar.
Instrumentet blir brukt til å spela russisk folkemusikk og populærmusikk, og er viktig i musikktradisjonar frå Kaukasus (ossetisk, azerisk, armensk, georgisk, tsjerkessisk, osb.) og mariar i Volga- og Uralområda. Instrumentet er også utbreidd i Slovenia, der det er kjent som harmonika. Den slovenske spelestilen er forskjellig frå den russiske. Det finst over 300 populære ensemble for instrumentet i Slovenia, som regel sett saman av fleire songarar og ein trekkspelar.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Garmon» frå , den 21. oktober 2021.
Kategori:Trekkspel Kategori:Russiske musikkinstrument Kategori:Russisk folkemusikk