Sijti Jarnge er eit samisk kultur-og utviklingssenter i Hattfjelldal, med arbeidsoppgåver innanfor sørsamisk historie og kultur i Indre Helgeland. Senteret held kurs og seminar, og utgjev bøker.
Josefina Skerk er dagleg leiar. Ideen til senteret oppstod i 1972, og ein plan for senteret vart vedteke i 1976. Byggearbeida byrja i 1982, etter teikningar av arkitekt Kjell Borgen i Oslo, inspirert av kåte-forma. Senteret vart innvigd i 1987.
I Hattfjelldal ligg òg Gaske-Nøørjen Saemienskovle, Sameskulen for Midt-Noreg, etablert i 1951.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Sijti Jarnge» frå , den 13. oktober 2021.
Bakgrunnsstoff
Kategori:1972 i Noreg Kategori:Skipingar i 1972 Kategori:Samisk kultur Kategori:Kultur i Nordland Kategori:Hattfjelldal kommune Kategori:Emne knytte til sørsamar Kategori:Samiske språksenter