mini|Teikning i Punch frå 1913 med tittelen «KLEPTOROUMANIA», eit ordspel på kleptomania og Romania. Han viser til Den andre balkankrigen, der kong Carol I av Romania stel Sør-Dobrudja frå tsar Ferdinand av Bulgaria.
Ordspel er eit språkleg humoristisk eller retorisk verkemiddel som gjev bruk av ord med lik eller liknande utforming og ulike tydingar. Innan retorikk har ordspel nemninga paronomasia. Ordspel kan byggja på homofonar, homografar, metonym eller biletleg språk.
Ordspel går langt tilbake i tid. Den romerske dramatikaren Plautus var kjend for sine mange ordspel. William Shakespeare nytta flittig ordspel, med rundt 3000 av dei i verka sine. Dei blir også mykje nytta i slang.
Nokre kjende ordspel er frå pave Gregor I, som på 500-talet skal ha sagt Non Angli, sed angeli (‘ikkje anglarar, men englar’), eller meldinga sir Charles Napier skal ha sendt etter at han erobra Sind: Peccavi, latin for 'eg har synda' eller på engelsk I have sinned.
Kjelder
Delar av denne artikkelen bygger på «Pun» frå , den 7. oktober 2021.
Bakgrunnsstoff Vil du vite hvordan hjernen forstår et ordspill? Ja, gjerne. Ved forskning.no
Kategori:Ordleik Kategori:Stilistikk Kategori:Humor Kategori:Leksikologi Kategori:Satire Kategori:Semantikk Kategori:Ord