Mari Holm Lønseth () er ein norsk jurist og politikar frå Trondheim. Ho har sidan 2017 vore stortingsrepresentant frå Sør-Trøndelag og for partiet Høgre.

Lønseth er er utdanna i jus ved Universitetet i Oslo. Frå 2015 jobba ho i advokatfirmaet Steenstrup Stordrange si avdeling i Trondheim.

Lønseth engasjerte seg i politikk frå tidleg i tenåra. Ho var medlem i Trondheim bystyre frå 2011 til 17. Til stortingsvalet 2017 fekk ho andreplassen på Høgrelista i Sør-Trøndelag, og vart vald inn med stor margin. Perioden 2017-21 hadde ho plass i Helse- og omsorgskomiteen. Lønseth vart attvald til Stortinget 2021-25.

Kjelder

Kategori:Stortingsrepresentantar for Sør-Trøndelag Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre Kategori:Stortingsrepresentantar 2017-2021 Kategori:Stortingsrepresentantar 2021-2025 Kategori:Stortingsrepresentantar 2025-2029 Kategori:Folk frå Trondheim