Lene Camilla Westgaard-Halle, fødd Westgaard, () er ein norsk politikar frå Drammen. Ho har sidan 2017 representert Vestfold fylke og partiet Høgre på Stortinget.

Westgaard utdanna seg i statsvitskap ved Universitetet i Oslo og University of Oxford. Ho var bystyremedlem 2003-11 i Drammen og fylkestingsrepresentant 2007-11 i Buskerud. Etter ho gifta seg flytta ho til Larvik, og var 2011-17 kommunestyremedlem i Larvik kommunestyre og samstundes fylkestingrepresentant i Vestfold.

Frå 2010 til -14 arbeidde Westgaard-Halle som rådgjevar for Høgre si stortingsgruppe. I 2017 vart ho vald til stortingsrepresentant frå Vestfold, attvald i 2021. I Stortinget 2017-21 hadde ho sete i Energi- og miljøkomiteen og i 2021-25 Næringskomiteen.

Kjelder

Kategori:Stortingsrepresentantar for Vestfold Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre Kategori:Stortingsrepresentantar 2017-2021 Kategori:Stortingsrepresentantar 2021-2025 Kategori:Lokalpolitikarar i Larvik Kategori:Høgrepolitikarar i Vestfold Kategori:Lokalpolitikarar i Drammen Kategori:Høgrepolitikarar i Buskerud Kategori:Norske statsvitarar Kategori:Folk frå Drammen