«Blackstar» (skrive «★») er ein song av den engelske rockemusikaren David Bowie. Han kom ut som den første singelen frå det 25. og siste studioalbumet hans med same namn den 19. november 2015. «Blackstar» nådde 61. plassen på UK Singles Chart, 70. plassen på Den franske singellista og 78. plassen på Billboard Hot 100. «Blackstar» vann Grammyprisen for både beste rockesong og beste rockeframføring. Med ei lengd på 9:57 var dette den lengste songen som gjekk inn på Billboard Hot 100 før Tool slo rekorden i 2019 med «Fear Inoculum». Bowie har framleis rekorden for topp 80.
Produksjon og komposisjon «Blackstar» er skildra som kunstrock og avantgarde-jazz. Han er òg blitt skildra som ein «avantjazz sci-fi-song,» med ein «drum and bass-rytme, ein to-notes tonal melodi med hint av gregoriansk song, og endrande taktartar.» I den langsame bluesaktige midtre delen av songen, går songen frå ein acid house-aktig groove til eit tregt, R&B-aktig mellomspel.
Songen var opphavleg over elleve minuttar lang, men etter at dei fekk vite at iTunes ikkje let ein poste singlar over ti minuttar lange, redigerte Bowie og Visconti han ned til 9:57. Det vart dermed den nest lengste Bowie-songen etter «Station to Station». Bowie ønskte ikkje å forvirre lyttarane med ein singel- og ein albumversjon.
Utgjeving «Blackstar» kom ut 19. november 2015 for digital nedlasting og i 2017 kom han ut på ein 12"-singel berre i Japan. I tillegg til at han kom ut på albumet med same namn, vart songen nytta som kjenningsmelodi for fjernsynsserien The Last Panthers.
Musikkvideo Musikkvideoen for «Blackstar» er ein surrealistisk, ti minuttar lang kortfilm regissert av Johan Renck (som regisserte The Last Panthers, serien som songen vart skriven for). Han syner ei kvinne med hale, Elisa Lasowski,Elisa Lasowski, queen of ‘Versailles,’ talks about history, television and fashion ; Los Angeles Times; Marcie Medina; 30. september 2016 som oppdagar ein daud astronaut og tar den juvel-besette hovudskallen hans til ein eldgamal utanomjordisk by. Beina til astronauten flyt mot ei solformørking, medan ein krins av kvinner utfører eit ritual med skallen i sentrum av byen.
Filmen vart filma i september 2016 i eit studio i Brooklyn. Prosessen var eit samarbeid der Bowie kom med mange forslag og sende Renk skisser av idear han ønskte å ha med. Begge var samde om å la videoen vere open for tolking (Renck nekta i starte å stadfeste eller benekte om astronauten i videoen var Major Tom), men Renck har kome med mange detaljar om tydinga. Renck sa seinare i ein BBC-dokumentar «for meg var det 100 % Major Tom.» That cites an interview which was only available in the UK on the date of access. Det var Bowie som førslo at kvinna skulle ha hale, og den einaste forklaringa hans var «det er på eit vis seksuelt». Renck har spekulert i at Bowie kan ha tenkt på si eiga døying og relevans for historia medan han utvikla videoen, men sa at dei korsfesta fugleskremsla ikkje var meinte som eit messiansk symbol. Renck har òg uttalt at Bowie skildrar tre forskjellige karakterar i videoen: dei innadvendte, plaga, blinde «Button Eyes»; «fargerike luringar» i midtseksjonen av songen og «presteguten» som held boka prega med «★»-symbolet. Saksofonisten Donny McCaslin sa at Bowie hadde fortalt han at songen omhandla Den islamske staten, sjølv om ein offisiell talsperson for Bowie nekta for at songen på noko som helst måte var inspirert av situasjonen i Midtausten.
Det er trekt likskapar mellom Bowie-songen og Elvis Presley-songen «Black Star» som inneheld tekstlinja «When a man sees his black star, he knows his time...has come.»
Den repeterte linja «at the centre of it all» finst òg i Aleister Crowley-boka The Book of Lies.
Koreografien, særskild den av dei tre dansarane i scenane på loftet, vart henta frå andre media, inkludert Max Fleischer sin Skippern. «[Bowie] sende meg dette gamle klippet av Skippern på Youtube og sa 'Sjå på desse karane.' Når ein karakter ikkje er aktiv, når dei er inaktive i desse teiknefilmane, så er dei skapt ved at to eller tre biletruter går i sløyfe, slik at det ser ut som dei står der og ristar. Det var typisk for animasjonar på den tida, og dei gjorde det for å skape liv i noko som var inaktivt. Så me ønskte å sjå om me kunne gjere noko slikt i denne forma for dans, me måtte gjere det.» Den kvinnelege dansaren på loftet gjer òg signaturrørsla frå musikkvideoen til «Fashion».
Den offisielle videoen til «Blackstar» vann beste regissør-prisen under MTV Video Music Awards i 2016.
Mottaking Ryan Dombal i Pitchfork roste songen og kåra det til «Beste nye song». Dombal skildra songen som «vedunderleg merkeleg og ekspansiv» og at han er «nærare den kokaindrivne fantasien på Station to Station i 1976 enn nesten alt Bowie har gjort sidan». Pitchfork Media kåra «Blackstar» til den 11. beste musikkvideoen i 2015. Simon Critchley skreiv om samanhengen mellom Bowie og Elvis Presley, og refererte til teksten på Presley-songen «Black Star» som eit spor. In the annual Village Voice-kåringa Pazz & Jop kåra «Blackstar» til den niande beste songen i 2016, i lag med Rihanna-songen «Work».
Innhald
Japansk 12"-singel
Medverkande Medverkande frå plateomslaget til Blackstar.«Blackstar» single liner notes.
Musikarar David Bowie – vokal, akustisk gitar, miksing, produsent, strykararrangement Tim Lefebvre – bass Mark Guiliana – trommer, perkusjon Donny McCaslin – fløyte, saksofon, treblåseinstrument Ben Monder – gitar Jason Lindner – piano, orgel, klaverinstrument
Teknisk Tony Visconti – produsent, strykarar, lydteknikar, miksing Joe LaPorta – mastering Kevin Killen – lydteknikar Erin Tonkon – assisterande lydteknikar Joe Visciano – assisterande lydteknikar Kabir Hermon – assisterande lydteknikar Tom Elmhirst – miksing
Salslister Liste (2015–16) Plassering Austerrike (Ö3 Austerrike Top 40) 69 Belgia (Ultratop Flandern) 84 Belgia (Ultratop Vallonia) 37 Frankrike (SNEP) 45 Tyskland (Official German Charts) 97 Italia (FIMI) 31Japan Hot Overseas (Billboard)8 Nederland (Single Top 100) 44Portugal (AFP) 5Spania (PROMUSICAE) 84 Sverige (Sverigetopplistan) 50 Sveits (Swiss Hitparade) 20 US Billboard Hot 100 78
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Blackstar (song)» frå , den 27. september 2021.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Singlar frå 2015 Kategori:Songar frå 2015 Kategori:Columbia Records-singlar Kategori:David Bowie-songar Kategori:Songar om død Kategori:Major Tom Kategori:Musikkvideoar regisserte av Johan Renck Kategori:Science fiction-musikk Kategori:Songar produserte av David Bowie Kategori:Songar produserte av Tony Visconti Kategori:Songar skrivne av David Bowie Kategori:Grammy-vinnarar