Dionisij (omkring 1440–1508) var ein russisk målar som særleg er kjend for freskesyklusen sin i Ferapontovklosteret, ein del av verdsarven. Han var rekna som leiar for Moskvaskulen av ikonmålarar ved hundreårsskiftet mellom 1400- og 1500-talet. Målarstilen hans blir tidvis kalla «moskovitt-maniersmen».

Det fyrste viktige oppdraget til Dionisij var ein serie ikon for Dormitionkatedralen i kreml i Moskv som blei utført i 1481. Figurane på ikona hans er kjende for å vera langstrekte, med små hender og føter og rolege og fredelege andlet.

Blant dei mange rike velgjerarane hans var Josef av Volokolamsk, som gav han i oppdrag å måla meir enn åtti ikon, først og fremst for Josef-Volokolamsk og Pavel-Obnorsk-klostera.

Det mest omfattande og best bevarte verket til Dionisij er det monumentale freskemåleriet av jomfrufødselskatedralen i Ferapontov-klosteret (1495–96) i Vologda oblast. Freskene hans, som skildrar scenar frå livet til Jomfru Maria i eineståande reine og milde fargar, gjennomsyra av ei høgtidsam stemning.

Arbeidet på Ferapontov blei utført av Dionisij i samarbeid med sønene og læresveinane hans, som heldt fram ein dioniskisk tradisjon etter at meisteren døydde. Sonen Feodosij måla veggmåleriet til Mikael og Josva før slaget ved Jeriko i Bebodingskatedralen i Moskva kreml i 1508.Biblical Military Imagery in the Political Culture of Early Modern Russia:The Blessed Host of the Heavenly Tsar, Daniel Rowland, Medieval Russian Culture, Vol. 2, red. Henrik Birnbaum, Michael S. Flier, Daniel Bruce Rowland, (University of California Press, 1994), 193. Ettersom faren ikkje deltok i dette viktige oppdraget, går ein ut frå at han hadde døydd kort tid før denne datoen.

Galleri

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Dionisius» frå , den 25. september 2021.

Bakgrunnsstoff

Online museum for Dionisius kunst

Kategori:Russiske målarar Kategori:Russiske ikonmålarar Kategori:Fødde i 1440-åra Kategori:Døde i 1500-åra Kategori: Russiske målarar frå 1500-talet Kategori: Russarar frå mellomalderen