Masud Gharahkhani () er ein norsk radiograf og politikar, fødd i Teheran i Iran og oppvaksen frå 1987 i Skotselv i Buskerud.

Politisk karriere Gharahkhani var medlem 2007–2011 i Buskerud fylkesting og 2007–2010 medlem i Øvre Eiker kommunestyre. Etter han busette seg i Drammen var han medlem bystyret frå 2011 til 2017. I 2017 fekk han tredjeplassen på Arbeidarpartiet si liste til stortingsvalet og vart innvald til Stortinget. Perioden mellom 2017 og 2021 var han medlem i Kommunal- og forvaltningskomiteen.

Gharahkhani har sidan 2017 representert Buskerud fylke/valkrins og Arbeidarpartiet på Stortinget. Stortinget valde 25. november 2021 Gharahkhani til stortingspresident etter at Eva Kristin Hansen trekte seg.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Stortingspresidentar Kategori:Stortingsrepresentantar for Buskerud Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Stortingsrepresentantar 2017-2021 Kategori:Stortingsrepresentantar 2021-2025 Kategori:Stortingsrepresentantar 2025-2029 Kategori:Folk frå Øvre Eiker