Olav Løkse () var ein norsk filolog og skulemann frå Salangen.

Løkse vart cand.philol. i 1938 og arbeidde som lektor i den høgre allmennskulen i Kongsberg i tida 1939-45. Etter eitt år som lektor på Ullern i Oslo, var han frå 1946 rektor på Troms Offentlege Landsgymnas til 1980. Jamsides skreiv han artiklar og avhandlingar om kultur- og litteraturhistoriske emne.

Løkse døydde i Finnfjordbotn i Lenvik.

I eit langt lyrisk «Minneord» i Skolefokus nr 8, 1999, ytra Torstein Sausjord mellom anna: «Så difor var i all di ferd i skule, lag og samfunnsliv du alltid målmann, av di du såg kor snøgt det er å verta talerøyr for andre sine gamle, daude tankar, når me det ikkje maktar å bruke målet som i eige hjarta bankar.»

Kjelder Troms Offentlege Landsgymnas:20. Skolefokus 8/1999:56.

Kategori:Norske skulefolk Kategori:Norske filologar Kategori:Målfolk Kategori:Folk frå Salangen Kategori:Folk frå Lenvik Kategori:Nynorsk i Nord-Noreg