Santa Monica '72 er eit konsertalbum av David Bowie, spelt inn i Santa Monica Civic Auditorium den 20. oktober 1972 under Ziggy Stardust-turneen. Konserten vart send på radiostasjonen KMET FM,Roy Carr & Charles Shaar Murray (1981). Bowie: An Illustrated Record: p.116 og var berre tilgjengeleg på piratkopiplater i meir enn 20 år. I følgje forfattaren David Buckley var det ein test på om du var ein «skikkeleg Bowie-fan» om du hadde ein kopi av denne plata.David Buckley (1999). Strange Fascination – David Bowie: The Definitive Story: s.359 Innspelinga vart gjeven ut delvis lovleg/offisielt og utan godkjenning frå Bowie på selskapet Golden Years i 1994, medan Griffin Music gav ut den amerikanske utgåva i 1995.
Songar Dette konsertalbumet har ei ganske annleis setliste enn den som er på Ziggy Stardust - The Motion Picture (1983) (t.d. med unntak av «The Jean Genie» inneheld setlista ingen songar frå Aladdin Sane, som det var mange av mot slutten av turneen. Denne vart spelt inn ni månader seinare og var på liknande vis å finne på mange piratkopiplater før det kom ei offisiell utgjeving tidleg i 1980-åra. Santa Monica-innspelinga vert rekna som ein langt betre representasjon av Ziggy Stardust-konsertane med tanke på både lydkvalitet og kvaliteten på spelinga.Nicholas Pegg (2000). The Complete David Bowie: p.338 I 1981 kalla NME-kritikarane Roy Carr og Charles Shaar Murray det langt frå «den beste piratkopiplata hans nokon gong», men «langt betre enn dei offisielle konsertalbuma hans» , som på den tida var David Live (1974) og Stage (1978).
Ei gull-plateutgåve med ein impresario som snakkar mot slutten av konserten, kom ut Nederland, medan det i USA kom ut ein avgrensa spesialboks som inkluderte ei T-skjorte, eit nøkkelknippe og ein kort video. Videoen var ikkje frå Santa Monica-konserten, men tidlegare usette klipp frå ein fargefilm utan lyd frå ein konsert i Dunstable i England den 21. juni 1972. Videoen vart kombinert med lydinnspelinga frå Santa Monica-konserten. Denne boksen var avgrensa til berre tusen eksemplar. I tillegg vart ein enno meir avgrensa boks med eit bilete av Bowie skoren på lokket av ein treboks og ei messingplate som indikerte serienummeret. Berre 250 eksemplar vart laga av denne.Illustrated db Discography
Den halv-offisielle utgjevinga var ein av ei rekkje ugjevingar i midten av 90-åra av MainMan, det tidlegare management-selskapet til Bowie i 1970-åra (andre var Rarestonebowie og Ava Cherry & The Astronettes-albumet People from Bad Homes). All desse albuma kom ut utan at Bowie godkjende det og er ikkje lenger i sal.
Ei offisiell utgåve — Live Santa Monica '72 — kom ut på EMI/Virgin in 2008.
Innhald Alle songar skrivne av David Bowie utanom der andre er nemde.
Medverkande David Bowie – gitar, vokal Mick Ronson – gitar, vokal Trevor Bolder – bass Mick «Woody» Woodmansey – trommer Mike Garson – piano
Andre utgjevingar I Belgia vart albumet gjeve ut med pratinga til impresarioen mot slutten under namnet Ziggy Stardust and the Spiders from Mars «Live» i 1995. I Japan vart albumet gjeven ut utan introen eller avslutninga som Live 1972 i 1997. Denne utgåva av The Velvet Underground-songen «Waiting for the Man» vart nytta i filmen Almost Famous, og var med på det tilhøyrande filmmusikkalbumet.
Salslister I Storbritannia nådde Santa Monica '72 74. plassen på UK Albums Chart i 1994.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Santa Monica '72» frå , den 14. september 2021. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Piratkopiplater Kategori:Konsertalbum av David Bowie Kategori:Konsertalbum frå 1994 Kategori:Album spelte inn i Santa Monica Civic Auditorium