Serious Moonlight er ein konsertvideo av David Bowie. Han vart filma i Vancouver den 12. september 1983 under «Serious Moonlight-turneen», og videoen kom ut på VHS og laserdisc i 1984 og på DVD i 2006. Konserten inneheld dei fleste av songane frå konserten. VHS-utgåva inneheld ikkje «Star», «Stay», «The Jean Genie», «Red Sails» og «Modern Love» fordi det ikkje var plass, men desse er med på DVD-utgåva frå 2006.

Eit konertopptak av «Modern Love», spelt inn 13. juli 1983 på ein konsert i Montreal og opphavleg gjeven ut som B-side til studioversjonen av den same songen, finst andre stader på DVD-utgåva som bakgrunnsmusikk for eit fotogalleri.

Lyden og den eksakte spelelista frå konsertfilmen kom òg ut på konsertalbumet Serious Moonlight (Live '83), som var inkludert i plateboksen Loving the Alien (1983–1988) i 2018 og gjeve ut som eit separat album året etter. Konsertalbumet inneheld den tidlegare nemnde versjonen av «Modern Love» som det siste sporet på albumet.

Innhald Alle songane er skrivne av David Bowie, utanom der andre er nemnde.

DVD-innhald

CD-innhald

Salslister Liste (1984)PlasseringUS Top Music Video10US Top VHS Sales13

Ricochet (2006 DVD-ekstra) DVD-utgåva av Serious Moonlight i 2006 inneheld òg ein dokumentar/konsertfilm frå 1984 kalla Ricochet, som følgjer Bowie i Hong Kong, Singapore og Bangkok under den asiatiske delen av Serious Moonlight-turneen. Ricochet vart først gjeven ut som heimvideo i midten av 1980-åra i ein korta versjon, seld separat.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Serious Moonlight (1983 film)» frå , den 6. september 2021. oppgav desse kjeldene: Nicholas Pegg, The Complete David Bowie, Page 524, Reynolds & Hearn Ltd, 2004,

Kategori:David Bowie-videoar Kategori:Konsertalbum frå 1984 Kategori:Konsertfilmar Kategori:Videoalbum frå 1984 Kategori:Konsertalbum av David Bowie