Love You till Tuesday er eit samlealbum av David Bowie, gjeve ut i samband med videoutgjevinga av promofilmen til Bowie frå 1969, Love You till Tuesday.

Deram, som var selskapet til Bowie frå 1966 til midten av 1969, gav ut filmmusikken til filmen. Fordi det kom ut medan Bowie var på sitt mest populære, vart dette albumet ofte forveksla med debutalbumet hans. Det inneheld nokre av dei same songane som albumet frå 1967, men dei fleste av dei vart miksa på nytt i 1984. Det var den første gongen originalversjonen av «Space Oddity», «Ching-a-Ling» og «When I'm Five» kom ut offisielt, og han inneheldt òg versjonar av «Sell Me a Coat» og «When I Live My Dream» som ikkje var gjevne ut før.

I 1992 gav Pickwick Records ut samlinga på CD, og la til lengre versjonar av «Space Oddity» (4'35") og «Ching-a-Ling». Vinylutgåva inneheldt dei kortare «filmversjonane» av «Space Oddity». Pickwick erstatta singelversjonane av «Love You till Tuesday» og «Rubber Band» og den alternative versjonen av «When I Live My Dream» med dei som finst på debutplata til Bowie. Dei endra òg plateomslaget.

Innhald

Salslister I Storbritannia nådde Love You till Tuesday 53. plassen på UK Albums Chart i 1984.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Love You till Tuesday (soundtrack)» frå , den 4. september 2021. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Filmmusikkalbum frå 1984 Kategori:Filmmusikkalbum av David Bowie Kategori:Deram Records-album Kategori:Pickwick Records-album