mini|portrett|Spire av Adonidia merrillii, Manila-palme.
Spiring er ein biologisk prosess der ein plante eller sopp byrjar å veksa frå eit frø eller ein spore.
miniatyr|venstre|Animasjon av solsikkespiring
Når eit frø spirer, sender det ei kimrot ut gjennom frøskalet og ned i vekstmediet. Deretter sendar det ut eit skot med eitt (hjå einfrøblada plantar) eller to frøblad (hjå tofrøblada plantar). Dette dannar ein kimplante eller frøplante.
Tilgang på vatn er det viktigaste elementet for å byrja spiringa. Plantar kan også vera avhengige av ein viss temperatur og/eller tilgang på oksygen og lys eller mørke. Nokre frø treng også å gå gjennom ein prosess før dei kan spira, som å bli utsette for låge temperaturar (vernalisering), lett skading eller svekking av frøskalet eller røyk.
Kjelder
Kategori:Botanikk