Peer Hallvard Staff () var ein norsk lege og orienteringsløpar frå Oslo. Han vart nordisk meister i orientering i 1965 og noregsmeister i 1963. Han var far til Hanne Staff.

Orienteringsløp Staff, som var medlem i Nordstrand IF, vart norsk meister i orientering 1963. Året etter kom han på andreplass etter Stig Berge. Under den nordiske meisterskapen 1965 ved Hokksund sprang han inn til siger framom Berge og ytterlegare tre nordmenn. Dagen etter tok Staff seg av den tredje etappen for det norske mannskapet som vann stafetten.

Medisin Staff studerte medisin ved Universitetet i Oslo. Frå 1975 til 2001 arbeidde han ved Ullevål sykehus i 1975-1985, dei siste 16 åra som avdelingsoverlege.

Sidan var han 2001-2008 medisinsk fagsjef i Tryg Forsikring. Staff var ein av grunnleggjarane av Norsk Idrettsmedisinsk Institutt.

Kjelder

Kategori:Norske legar Kategori:Norske orienteringsløparar Kategori:Noregsmeistrar i orientering Kategori:Folk frå Oslo