Haukefuglarten Pandion cristatus, engelsk 'Eastern osprey', er ein medlem av fiskeørnfamilien som lever i på Ny-Guinea, Australia og sørvestre Stillehavet. IOC World Bird List lister dette taksonet som ein sjølvstendig art, og arten har ikkje fått norsk namn. Andre autoritetar ser på taksonet som ein underart Pandion haliaetus cristatus av fiskeørn.

Skildring Pandion cristatus skil seg frå arten fiskeørn med litt lysare markeringar i bryst, og teikninga frå auge mot nakke er noko lysare enn hos arten fiskeørn. Undersida av vengene har mindre grad av svart mønster. Elles er denne ørna i stor grad lik fiskeørna som vi ser ho i Eurasia.

Kjelder

Referansar

Bakgrunnsstoff

kategori:haukefuglar kategori:Fuglar i den australske regionen