mini|Kopi av kyrkjebåten «Fjordamerra», med sju par årar, bygd i 1842 i Årvågfjorden. Kyrkjebåt er ein båt som tradisjonelt har vore bruka til å ro til kyrkja frå ei grend som soknar til kyrkjaØ. Færøyvik, Vestlandsbåtar - Frå oselvar til sunnmørsåttring, Norske båtar bind V, Grøndal & søn forlag AS, 1987.. Dei var som oftast lange og smale for at dei skulle vera lettrodde, men dei kunne variera mykje både i storleik og utforming. Firekneipingar (åttringar) og femkneipingar (tiæringar) var vanlege kyrkjebåtar. «Fjordamerra», bygd i 1842 i Årvågfjorden i Aure kommune, var ein geitbåt med sju par årar.
I Sverige var kyrkjebåtat med 8-10 par årer vanlige, men nokre hadde 12 par.A. Eskeröd, Kyrkobåtar och kyrkobåtfærder, LTs förlag, 1973. I fylgje Eskeröd kunne dei største båtena ta 80 til 90 personar. Eldre bilete syner at det kunne sitje folk mellom roarane og på ripa, men det var på vatn i innlandet, som Siljan.
Når det var bryllaup sat som oftast brura i kyrkjebåten og resten av fylgjet, som det ikkje var plass for, rodde i andre båtar, som seksringar og færingar. Det var ofte kapproing og det var stor skam og noko rodde frå brurebåten. Kyrkjebåtane vart og bruka for å ro til tinget og i samband med gravøl.
Galleri
Referansar
Kategori:Norske båttypar Kategori:Robåtar